Harald Jostein Haugen () var ein norsk bokhandlar frå Volda som gjennom butikken Haugen Bok i heimbygda var primus motor for boksal per postordre og på Internett.
Av utdanning hadde Haugen handelsskole og bokhandlarskolen. I 1965 overtok han faren sin bokhandel, som hadde vore i Volda sidan 1929. Da Haugen følte behov for å utvide marknaden utover det reint lokale, begynte han med sal av bøker – hovudsakleg verk – per postordre, og frå 1978 vart dette ein vesentleg del av verksemda. Firmaet annonserte i aviser og tidsskrift og etter kvart og i fjernsyn. I 1998 tok Haugen Bok som ein av de første i Norden i bruk Internett som salskanal, også det med stor suksess. I 2009 blei den regulære bokhandlardrifta avvikla.
Haugen trekte seg tilbake frå leiinga av firmaet frå 2007
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske bokhandlarar Kategori:Folk frå Volda