Durrat Al Bahrain (arabisk درة البحرين‎‎) er den tredje største kunstige øya i Bahrain, etter Northern City og Diyar Al Muharraq-øyane. Ho ligg 40,5 km sør for hovudstaden Manama på Bahrainøya. Øya stod ferdig i 2015 og kosta seks milliardar amerikanske dollar. Ho består av seks atollar, fem fiskeforma øyar og to som er halvmåneforma.

På øyane skal det byggjast femstjernes hotell, ein 18-hols golfbane, tolv bruer og ei båthamn.Durrat Al Bahrain Property Development Båthamna vil strekkje seg over tre av øyane og koste 1,3 milliardar dollar.

Sjå òg Amwajøyane Øyar i Bahrain

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Durrat Al Bahrain» frå , den 4. april 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Durrat Al Bahrain - Development profile

Kategori:Øyar i Bahrain Kategori:Kunstige øyar