Nils Jakob Andreas Thisted Schjerven () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lardal i Vestfold, som representerte Vestfold fylke og partiet Høgre på Stortinget 1922-27 og 1931-45. Også sonen Rolf Schjerven var i si tid stortinsgrepresentant for Høgre.

Schjerven var son til ein gardbrukar. Etter eksamen frå mellomskule i 1899, arbeidde han på Thunes mek. Værksted i Kristiania i to års tid. Sidan gjekk han landbruksskulen på Fosnes i Stokke i Vestfold. I 1905 tok han eksamen ved Bergens tekniske skule, og var ingeniør til 1912. Han tok då over farsgarden Øvre Schjerven i Lardal, i tillegg til gardsdrifta sysla han med trelasthandel og tømmermerking.

Schjerven var ordførar i Lardal herad 1919-22 og 1928-31. Han var i si tid også formann i likningsnemnda og i fattigstyret i heradet. Elles var han både styremedlem og formann i Vestfold Skogselskap.

Hausten 1921 vart Schjerven vald til stortingsmann frå Vestfold. Sidan vart han attvald i 1924, men då Høgre tapte mange mandat ved Stortingsvalet 1927, vart han verande 1. varamann i perioden 1928-30. Derimot lukkast å verte vald inn på Stortinget både i 1930, 1933 og 1936, og hadde dermed tingsete til 1945. På Tinget hadde Schjerven plass i Skog- og vassdragskomiteen 1922-27, 1931-33 og 1937-45, som nestformann 1925-27 og 1931-33. Sesjonane 1935 og -36 var han medlem i Landbrukskomiteen. I 1945 vart han utpeikt til styreformann i Noregs Hypotekbank.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Lardal Kategori:Høgreordførarar i Vestfold Kategori:Folk frå Larvik