Elisabeth Aspaker () er ein norsk politikar for Høgre. Frå 2019 er ho fylkesmann i Troms og Finnmark, med tittelen statsforvaltar frå 2021.

Ho var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 og EØS- og EU-minister i same regjering frå 16. desember 2015 til 20. desember 2016.

Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms i 2005, og ho var vararepresentant i perioden 1993 til 2001.

Aspaker var personleg sekretær for Else Bugge Fougner i Justis- og politidepartementet frå 20. oktober 1989 til 3. november 1990. Ho var politisk rådgjevar for Kristin Clemet i Utdannings- og forskningsdepartementet frå 30. oktober 2001 til 18. juni 2004. Ho var statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet frå 18. juni 2004 til 30. september 2005.

Aspaker var fylkesvaraordførar i Troms frå 1995 til 1999. Ho har vore visepresident i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Troms Høyre - Biografi

Kategori:Norske EØS- og EU-ministrar Kategori:Norske fiskeriministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Politiske rådgjevarar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Fylkesmenn i Troms Kategori:Statsforvaltarar

Kategori:Folk frå Harstad