Elle Andersdatter (død ca. 1643) var ein dansk salmediktar. Ifølge tradisjonen var ho enkje etter Hans Hanssøn og borgarkone i Maribo på Lolland.

Ho er kjend for salmen «Eja, min sjæl ret inderlig sig fryder», som er blitt omsett til norsk, svensk og engelsk. I Norsk Salmebok finst salmen under tittelen «Eia, mitt hjerte inderlig». I svenske salmebøker finst salmen i to ulike former: «I hoppet sig min frälsta själ förnöjer» og «Eja, mitt hjärta, hur innerlig». På engelsk heiter salmen «In hope my soul redeemed to bliss unending».Elle Andersdatter, hymnary.org

I ei dansk salmebok frå 1645 blir salmen kalla «En skjønn åndelig vise om alle troende Guds barns glede i det evige livet». Den første bokstaven i kvart vers av originalen dannar namnet «Elle Andersdatter» og er eit såkalla akrostikon. Dette har fått enkelte til å hevda at salmen heller er skrive til henne enn av henne.

Verket blei funne i boksamlinga til Karen Brahe (1657-1736), som også omfatta ei salmesamling til gravferda til ei «Elline Andersdaatter».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elle Andersdatter» frå , den 13. april 2017. oppgav desse kjeldene: Anne Kristin Aasmundtveit, Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Koralbok, Verbum forlag, Oslo, 1995. ISBN 82-543-0573-0 Side 47.

Kategori:Danske salmediktarar Kategori:Døde i 1640-åra