Soga om Ganga-Rolv (norrønt Göngu-Hrolfs saga) er ein fornaldersaga frå 1300-talet. Historia føregår i Danmark og for det meste i Gardarike i «gamle dagar» (forn ǫld), og handlar om Rolv sine reiser og eventyr. Sjølv om hovudpersonen deler namn med den norske vikingen Ganga-Rolv som moglegvis var fyrste i Normandie er det inkje samband mellom dei to.

Blant fornaldersagaene er ho «en af de længste og æventyrligste. Den indeholder en ophobning af alle mulige motiver.» Sjølv om ho låner motiv frå mange andre tekster vert ho oppfatta som gjennomarbeidd.2007

Sjølv om sagaa kan oppfattast som ei fornaldersaga ut frå prosjektet til helten og eventyrprega, har ho òg fellestrekk med den høviske litteraturen. I handlinga inngår fleire tema som er kjent frå den høviske litteraturen: helten som leitar etter ei fager møy som han kan kjenna att fordi han har ein lokk av håret hennar, og tenaren som lurar herren sin.2007 Som i så mange andre fornaldersagaer vert grensene tøygt øangt for det realistiske og truverdige.«History or fiction?

Sagaa er kjend frå fleire handskrifter, blant anna AM 152. Den vart først omsett til norsk i 1984, til samleverket Sagalitteraturen.skandinaviske-oversaettelser.netSagalitteraturen.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Soga om Gange-Rolv» frå , den 17. april 2017.

Bakgrunnsstoff Ganga-Hrolfs saga, Heimskringla.no Kategori:Fornaldersoger