Aasulv Løddesøl () var ein norsk forskar på jordbruk frå Øyestad. Han var i si tid leiar av Det norske myrselskap, og sentral i utviklinga av eit meir effektivt myrbruk.
Løddesøl var son til sølveigarbønder. Han studerte 1916/17 til agronom ved Holt landbruksskole og tok eksamen ved Noregs landbrukshøgskule i 1920. Sidan gjekk han linja med bygnings- og kulturteknikk ved Norges tekniske høgskole i Trondheim studieåret 1923/24. Frå 1926 var han stipendiat i faget jordbotnlære og tok doktorgraden i 1929.
Løddesøl var formann i Jordvernkomiteen av 1936, nemnda som la grunnlaget for Stortinget sitt vedtak om lov om vern mot jordøydeleggjing av 1949 (Jordvernlova). Han var styremedlem i organisasjonen 'Bygg ditt land', og hadde ei rekke faglege verv, både i Noreg og internasjonalt. I 1956 vart han tildelt Petter Dass-medaljen for å ha organisert hjelpearbeid i gjenreisinga av Troms og Finnmark etter andre verdskrigen. År 1965 var han i Tyrkia og gav opplæring i myrdyrking.
Han var svigerson til geologen Knut Olai Bjørlykke, og far til til næringsdrivaren Leif Terje Løddesøl.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Norske agronomar Kategori:Folk frå Arendal