Karol Dobiaš () er ein slovakisk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Handlová, som vart europameister 1976 med Tsjekkoslovakia. Han var ein allsidig spelar som oftast spelte i forsvaret eller på midtbana.

Aktiv Dobiaš byrja spele på det lokale laget Baník Handlová. I 1965 flytta han over til Spartak Trnava, der han hadde stor suksess. Med Spartak vann han fem seriemeisterskap og vart cupvinnar tre gongar, over ein periode på tolv år. Både i 1970 og 1971 vart han kåra til årets spelar i Tsjekkoslovakia. Frå 1977 til -80 spelte han på Bohemians Praha. Sommaren 1980 vart han overført til belgiske KSC Lokeren, der han var aktiv til 1983.

Dobiaš fekk ein kortvarig debut på landslaget i 1967. Under fotball-VM 1970 i Mexico spelte han alle tre kampane då Tsjekkoslovakia rauk ut or meisterskapen med strake tap. I åra framover var han fast på landslaget. Under EM i fotball 1976 gav han Tsjekkoslovakia leiinga 2-0 då Vest-Tyskland vart slått etter straffeskyting i finalen i Beograd. I mars 1980 opptredde han i landslagsdrakt for 67. og siste gong. Han skåra seks landslagsmål.

Merittar Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1968, 1969, 1970, 1971 og 1973 med Spartak Trnava Tsjekkoslovakisk cupvinnar: 1967, 1971 og 1975 med Spartak Trnava

Prisar og utmerkingar Årets fotballspelar i Tsjekkoslovakia: 1970 og 1971

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karol Dobiaš» frå , den 14. mai 2017.

Kategori:Slovakiske fotballspelarar Kategori:Tsjekkoslovakiske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980