Eunice Barber () er ein sierraleonsk-fransk tidlegare friidrettsutøvar, fødd og oppvaksen i Freetown i Sierra Leone. Ho representere Sierra Leone til 1998, sidan 1999 Frankrike. Barber vart verdsmeister i sjukamp i 1999 og i lengdehopp i 2003.

Aktiv Barber braut gjennom i 1995 med ein fjerdeplass i sjukamp under friidretts-VM 1995 i Göteborg og siger i lengdehopp ved dei panafrikanske leikane i Harare. Ho vart fransk statsborgar i februar 1999. Eit halvt år seinare sette ho personleg rekord med 6 861 poeng i sjukamptevlinga under VM 1999 i Sevilla og vann ein klar siger framom britiske Denise Lewis og Ghada Shouaa frå Syria.

Då VM i friidrett 2003 fann stad i Paris, var ho sjanselaus mot svenske Carolina Klüft i sjukampen. Klüft plukka 7 001 poeng, 246 fleire enn sølvvinnar Barber. Derimot lukkast Barber å vinne gullmedaljen i lengdehopp då ho smelte til med 6,99 meter i siste omgangen. Også i VM 2005 måtte Barber sjå seg slått av Klüft i sjukamp, men differansen var skrumpa til 63 poeng. I lengdetevlinga enda Barber på bronseplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Nr 26 i sjukamp VM 1993 i Stuttgart: Braut sjukampen VM 1995 i Göteborg: Nr 4 i sjukamp – 6 340 poeng Panafrika-leikane 1995 i Harare: Gull i lengdehopp – 6,70 m OL 1996 i Atlanta: Nr 5 i sjukamp – 6 342 poeng, utslått i lengdehopp (6,45 m =nr 19) VM 1997 i Aten: Utslått i lengdehopp (6,19 m =nr 31) VM 1999 i Sevilla: Gull i sjukamp – 6 861 poeng, utslått i kvartfinalane på 100 m hekk (13,09) OL 2000 i Sydney: Braut sjukampen VM 2001 i Edmonton: Braut sjukampen VM 2003 i Paris: Gull i lengdehopp – 6,99 m, sølv i sjukamp – 6 755 poeng OL 2004 i Aten: Utslått i lengdehopp (6,37 m =nr 28) VM 2005 i Helsinki: Sølv i sjukamp – 6 824 poeng, bronse i lengdehopp – 6,76 m EM 2006 i Göteborg: Braut sjukampen VM 2007 i Osaka: Utslått i lengdehopp (6,51 m =nr 16)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eunice Barber» frå , den 14. juni 2017. Denne artikkelen bygger på «Eunice Barber» frå , den 14. juni 2017.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Sierraleonske friidrettsutøvarar Kategori:Franske lengdehopparar Kategori:Franske mangekjemparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Sierraleonske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Sierraleonske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004