1972 (romartal MCMLXXII) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen. Dette året blei to sekund lengre enn vanleg, då ein i tillegg til skotdagen innførte to skotsekund.
Hendingar
Utlandet januar: Acheampong-regimet tok makta ved militærkupp i Ghana. «Rein luft-lova» blei fastsett i USA. Skuleutdanna hutuar i Burundi blei systematisk drepne av dei tutsidominerte styresmaktene. Nord- og Sør-Sudan skreiv under på ein fredsavtale i Addis Abeba. 1. september: Bobby Fischer blei verdsmeister i sjakk ved å vinne VM-kampen mot Boris Spasskij i Reykjavik.
Noreg 1. februar: Norsk språkråd hadde sitt fyrste møte, og avløyste dimed Norsk språknemnd. 25. september Folkeavstemminga om norsk EF-medlemskap i 1972 gav 53,5 % nei og 46,5 % ja. 18. oktober Trygve Bratteli si første regjering gjekk av. Bratteli hadde sagt at han ville trekke seg som statsminister viss det ikkje blei ja-fleirtal ved folkeavstemminga om norsk EF-medlemskap, og tok konsekvensen av resultatet. 18. oktober Lars Korvald si regjering tiltredde. Resultatet av folkeavstemminga om norsk medlemskap i EF i danna grunnlaget for den første sentrumsregjeringa i Noreg, eit samarbeid mellom nei-partia Senterpartiet, KrF og Venstre. Det sosialliberalistiske partiet Det Nye Folkepartiet blei grunnlagt av utbrytarar frå Venstre etter ei partisplitting grunna spørsmålet om EF-medlemskap. Peter Opsvik utforma barnestolen Tripp Trapp.
Fødde
10. januar: Thomas Alsgaard, norsk langrennar 5. februar: Kronprinsesse Mary av Danmark 14. februar: Ketil Solvik-Olsen, norsk politikar 28. februar: Eli Bjørhusdal, norsk språkgranskar 13. mars: Arve Moen Bergset, norsk musikar 19. april: Rivaldo, brasiliansk fotballspelar 31. mai: Frode Estil, norsk langrennar 23. juni: Zinedine Zidane, fransk fotballspelar 28. juni: Heikki Holmås, norsk politikar 17. juli: Sigrid Moldestad, norsk musikar 4. august: Øyvind Vågnes, norsk forfattar 12. september: Anders Aukland, norsk langrennar 16. september: Vebjørn Rodal, norsk friidrettsutøvar 19. september: Kristoffer Joner, norsk skodespelar 30. september: Ari Behn, norsk forfattar 17. oktober: Eminem, USA-amerikansk musikar 17. oktober: Wyclef Jean, haitisk-amerikansk musikar 10. desember: Odd Nordstoga, norsk musikar 7. desember: Hermann Maier, austerriksk alpinist 23. desember: Knut Arild Hareide, norsk politikar
Døde
5. januar: Olav Midttun, norsk kringkastingssjef 10. januar: Sverre Jordan, norsk komponist 14. januar: Kong Fredrik IX av Danmark 3. april: Ferde Grofé, USA-amerikansk komponist 9. april: James F. Byrnes, USA-amerikansk politikar 27. april: Kwame Nkrumah, ghanesisk president 23. juni: Edvard VIII av Storbritannia 9. juli: Andreas Hofgaard Winsnes, norsk litteraturkritikar 15. august: Alf Hurum, norsk komponist 6. september: Terje Wold, norsk politikar og jurist 15. september: Ásgeir Ásgeirsson, islandsk president 5. november: Alfred Schmidt, estisk vektlyftar 26. desember: Harry S. Truman, president i USA