«Put Your Hand in the Hand» er ein gospel-popsong komponert av Gene MacLellan og først spelt inn av den kanadiske songaren Anne Murray for det tredje studioalbumet hennar, Honey, Wheat and Laughter.

Han vart ein hit singel for det kanadiske bandet Ocean, som gav han ut som tittelsporet på debutalbumet sitt. Singelen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og vart den 22. mest selde singelen i 1971. Singelversjonen hadde ikkje med instrumentalpartiet mellom andre refreng og andre vers, og kuttar òg ut nokre repeteringar av refrenget.

Innhald 7" single

A1 «Put Your Hand in the Hand» – 2:52 A2 «Tear Down the Fences» – 2:53

Andre versjonar Songen vart spelt av fleire artistar i 1970-åra, som Elvis Presley (som òg spelte MacLellan sin «Snowbird»), Randy Stonehill, Frankie Laine, Donny Hathaway, Joan Baez, Les Humphries Singers og ein tyskspråkleg versjon («Ich fand eine Hand») av Cindy & Bert. Evangelisten Garner Ted Armstrong spelte inn songen i ein episode av Hee Haw i januar 1976. Countrysongarane Sandy Posey, Lynn Anderson og Loretta Lynn og The Oak Ridge Boys spelte òg inn songen.

Den sørafrikanske songaren Ray Dylan spelte inn ein versjon til albumet sitt Goeie Ou Country - Op Aanvraag.musica.co.za, henta 10. januar 2014.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Put Your Hand in the Hand» frå , den 20. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Anne Murray-songar Kategori:Kanadiske popsongar Kategori:Kanadiske religiøse songar Kategori:Kristne songar Kategori:Debutsinglar frå 1971 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Gospelsongar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Songar skrivne av Gene MacLellan Kategori:Frankie Laine-songar Kategori:Lynn Anderson-songar Kategori:Loretta Lynn-songar Kategori:Perry Como-songar Kategori:Dottie West-songar Kategori:Nana Mouskouri-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:James Last-songar Kategori:Tennessee Ernie Ford-songar Kategori:Wanda Jackson-songar Kategori:Carola Häggkvist-songar Kategori:Crystal Gayle-songar Kategori:Bert Kaempfert-songar