Ilder (Mustela putorius) er eit lite rovdyr i mårfamilien. Tamilderen sitt latinske namn er Mustela p. furo. Ilder er i slekt med mellom anna jerv, grevling, skunk, mink, røyskatt og snømus. Ilder finst i store delar av Europa, nordgrensa går i Søraust-Noreg, så han har ikkje stor utbreiing i Noreg. Ilder er rekna som ein sårbar art i Noreg. Det har til tider vore omfattande ilderoppdrett i Noreg, og mykje av den norske bestanden kan stamme frå rømde oppdrettsilderar.
Skildring mini|venstre|To ilderar i Skandinavisk Dyrepark i Djursland i Danmark. Ilder har ei langstrekt og elegant form, med kroppslengde på nær 45 cm. Vekta kan nå 1 1/2 kg. Hovudføda er frosk, padder, smågnagarar, fugl og egg. På same måte som røyskatten hamstrar ilderen mat i overskotstider, og den kan og sikre fersk mat utover vinteren ved å bite frosk over nakken og lamme frosken slik at den ikkje døyr, men fungerer som levande matlager.
Ilderar som kjæledyr mini|Kjæleilderar (Mustela putorius furo) Dei fleste i dag kjenner ilderen som eit kjæledyr. Dei er nysgjerrige og leikne som kattungar heile livet, og er svært folkekjære - faktisk så mykje at mange ildereigarar vel å skaffe seg eit par ilderar, slik at dei kan leike med kvarandre, i staden for å ha ein ilder springande etter seg heile tida. Om ilderen blir oppdratt skikkeleg, som kvalpar, kan dei bli ganske stovereine og bit ikkje.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Fakta om ilder Norsk Ilder Forening - Her finn du informasjon og hjelp med ilder som kjæledyr. www.ilder.net - ein liten blogg med nokre infosider om ilder som kjæledyr www.ilderforum.com - eit forum med mykje nyttig informasjon
Kategori:Mårdyrfamilien Kategori:Pattedyr i Noreg
de:Iltisse en:Ferret