«Little Darlin'» er ein amerikansk rockesong gjort kjend av The Diamonds.
The Gladiolas-versjonen Songen vart skriven av Maurice Williams med både melodi og doo-wop-akkompagnement som legg kraftig vekt på ein claves-rytme. Han vart først spelt inn for Excello Records i januar 1957 og kort tid etter som ein rhythm-and-blues-song av Williams si R&B-gruppe, The Gladiolas. Songen er kjend for eit talt vers av songaren («My Darlin' I need you...»). The Gladiolas, med Williams, kom frå Lancaster i Sør-Carolina, der dei hadde vore i lag sidan skulen. The Gladiolas-versjonen nådde 11. plassen på R&B-lista i april 1957, men kom berre så vidt inn på Hot 100. I 1959 vart gruppa til Williams «Maurice Williams and The Zodiacs» med ein rock 'n roll-R&B-hit «Stay.»
The Diamonds-versjonen The Diamonds-versjonen kom ut ein månad seinare. The Diamonds var frå Canada og nådde andreplassen på Billboard Hot 100, der han låg i åtte veker. Billboard rangerte denne versjonen på tredjeplassen for heile 1957.
Andre versjonar Songen vart seinare spelt inn av Elvis Presley for det siste albumet hans, Moody Blue (1977). Rock-and-roll-revival-gruppa Sha Na Na framførte «Little Darlin'» på Woodstock-festivalen i 1969.
The Rocky Fellers - eit guteband frå Filippinane klarte å få ein hit med songen Billboard Hot 100-lista i 1960 Joan Baez framførte ein parodiversjon på konsertane sine tidleg i 1960-åra. Eit opptak kom ut i 1983 på albumet Very Early Joan. The Chevrons Classics IV The Four Seasons The Monkees framførte songen på TV-sendinga 33⅓ Revolutions Per Monkee i 1969. Victor Wood spelte inn denne songen på albumet hans Knock on Wood.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little Darlin'» frå , den 26. juni 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:The Diamonds-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Mercury Records-singlar Kategori:Swan Song Records-singlar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:The Four Seasons-songar Kategori:The Monkees-songar