Hot R&B/Hip-Hop Songs er ei musikkliste som rangerer dei mest populære R&B- og hip hop-songane i USA og vert publisert kvar veke av Billboard. Rangeringa er basert på kor mykje songen blir spelt på radio, salstal og strøyming. Lista bestod tidlegare av 100 songar, men vart korta ned til 50 i oktober 2012.

Lista har til forskjellige tider vore dominert av jazz, rhythm and blues, doo-wop, rock and roll, soul og funk, og er i dag dominert av contemporary R&B og hip hop. Sidan starten har lista endra namn mange gonger etter kvart som musikkindustrien har endra seg.

Historie Mellom 1948 og 1955 var det forskjellige lister for Best Sellers og Juke Box, og i 1955 vart ei tredje liste lagt til, Jockeys-lista basert på radiospeling. Desse tre listene vart slått saman til ei enkel R&B-liste i oktober 1958.

Frå 30. november 1963 til 23. januar 1965 hadde ikkje Billboard ei R&B-liste. Lista vart lagt ned då Billboard meinte det ikkje var naudsynt å skilje mellom R&B og pop etter at Motown var komen på banen. Lista vart starta opp att 30. januar 1965 som «Hot Rhythm and Blues Singles» då det oppstod skilnader i musikksmaken til dei to publikuma då den britiske bølgja oppstod i 1964.

23. august 1969 vart «rhythm and blues» erstatta med «soul», og lista vart kalla «Best Selling Soul Singles». Billboard meinte at omgrepet «soul» betre skildra «den vide rekkjevidda av songar og instrumental musikk som kjem frå dei svarte amerikanarane». Seint i juni 1982 fekk lista nytt namn igjen, denne gongen til «Black Singles» fordi muusikken afroamerikanarane kjøpte og lytta til hadde ein «stilmessig større variasjon enn soul» frå tidleg i 1970-åra. Black Singles vart rekna som eit høvande omgrep som omfatta pop, funk og tidleg rap-musikk i urbane samfunn.

R&B kom inn att i namnet på lista i 1990, og hip hop vart innført som tittel frå 11. desember 1999, då Billboard endra namnet til «Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks» for å anerkjende påverknaden og forholdet hiphop hadde i sjangeren. Kort tid etter var kryssinga frå R&B til pop så stor at alle songane på Topp 10 på Billboard Hot 100-lista den 11. oktober 2003 var av svarte artistar.Mitchell, G. (2003, Oct 18). Rhythm & blues: Black-music's historic week - hot 100 testifies to mainstreaming of R&B/Hip-hop. Billboard - the International Newsweekly of Music, Video and Home Entertainment, 115, 20-20, 22. Den lange tittelen vart forkorta ned til «Hot R&B/Hip-Hop Songs» den 30. april 2005. Metodikken for å rekne ut lista vart endra 20. oktober 2012, og byrja å innlemme digital nedlasting og strøyming, og kombinerte det med radiospeling og fysisk sal. Samstundes vart lista korta ned til 50 songar.

Dato Namn Oktober 1942–februar 1945 The Harlem Hit Parade Februar 1945–juni 1949 Race Records Juni 1949–oktober 1958 Rhythm & Blues Records (to eller tre separate lister - sjå over) Oktober 1958–oktober 1962"Hot R&B Sides", Billboard, October 27, 1962. p. 37. Henta 26. juni 2017 Hot R&B Sides November 1962–november 1963 Hot R&B Singles"Hot R&B Singles", Billboard, November 3, 1962. p. 37. Henta 26. juni 2017"Hot R&B Singles", Billboard, November 23, 1963. p. 22. Henta 26. juni 2017 November 1963–januar 1965 Inga liste (sjå over) Januar 1965–august 1969 Hot Rhythm & Blues Singles August 1969–juli 1973 Best Selling Soul Singles Juli 1973–juni 1982 Hot Soul Singles Juni 1982–oktober 1990 Hot Black Singles Oktober 1990–januar 1999 Hot R&B Singles Januar 1999–desember 1999 Hot R&B Singles & Tracks Desember 1999–april 2005 Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks April 2005–no Hot R&B/Hip-Hop Songs

Rekordar Lengst på toppen av lista

18 veker Joe Liggins' (1945) - «The Honeydripper» Louis Jordan & His Tympany Five (1946) - «Choo Choo Ch'Boogie» «One Dance» (2016) – Drake med Wizkid og Kyla 16 veker «Blurred Lines» (2013) – Robin Thicke med T.I. og Pharrell Williams 15 veker «Be Without You» (2006) – Mary J. Blige 14 veker «Nobody's Supposed to Be Here» (1998–1999) – Deborah Cox «We Belong Together» (2005) – Mariah Carey «Blame It» (2009) – Jamie Foxx med T-Pain «Pretty Wings» (2009) – Maxwell «Diamonds» (2012–2013) – Rihanna «Thrift Shop» (2013) – Macklemore & Ryan Lewis med Wanz «See You Again» (2015) – Wiz Khalifa med Charlie Puth 13 veker «Can't Be Friends» (2010–2011) – Trey Songz «The Monster» (2013–2014) – Eminem med Rihanna «Fancy» (2014) – Iggy Azalea med Charli XCX 12 veker «Bump n' Grind» (1994) – R. Kelly «Single Ladies (Put a Ring on It)» (2008–2009) – Beyoncé «Un-Thinkable (I'm Ready)» (2010) – Alicia Keys «Happy» (2014) – Pharrell Williams

Songar som har vore lengst på lista 75 veker – «Be Without You» – Mary J. Blige (2005) 74 veker – «God In Me» – Mary Mary (2009) 73 veker – «On the Ocean» – K'Jon (2009) 71 veker – «You Make Me Wanna...» – Usher (1997), «There Goes My Baby» – Usher (2010) 70 veker – «Step in the Name of Love» – R. Kelly (2003) 63 veker – «In My Bed» – Dru Hill (1997) 60 veker – «Too Close» – Next (1997) 59 veker – «Pretty Wings» – Maxwell (2009), «Un-Thinkable (I'm Ready)» – Alicia Keys (2010), «Sure Thing» – Miguel (2011) 58 veker – «When I See U» – Fantasia (2007), «Teachme» – Musiq Soulchild (2007) 57 veker – «Love on Top» – Beyoncé (2011) 56 veker – «If I Ain't Got You» – Alicia Keys (2004), «Lost Without U» – Robin Thicke (2007), «Until the End of Time» – Justin Timberlake & Beyoncé (2008) 55 veker – «Heaven Sent» – Keyshia Cole (2008), «Spotlight» – Jennifer Hudson (2008), «Drank in My Cup» – Kirko Bangz (2011), «Adorn» – Miguel (2012) 54 veker – «Stay» – Tyrese (2011), «Thrift Shop» – Macklemore & Ryan Lewis feat. Wanz (2012) 52 veker – «We Belong Together» – Mariah Carey (2005), «Up!» – LoveRance feat. Iamsu & Skipper or 50 Cent (2011), «Thinkin Bout You» – Frank Ocean (2013), «Can't Hold Us» – Macklemore & Ryan Lewis feat. Ray Dalton (2013), «All of Me» – John Legend (2014)

Lengst på lista før toppen vart nådd 43. veke – «Step in the Name of Love» av R. Kelly 35. veke – «All of Me» av John Legend 32. veke – «Needed Me» av Rihanna Kjelde:

Flest førsteplassar

Talet på songarArtistRef. 20Aretha Franklin Stevie Wonder17James Brown16Drake 15Janet JacksonThe Temptations

Artistar med flest veker på toppen av lista 113 – Louis Jordan 84* – Drake 67 – Stevie Wonder 65 – Aretha Franklin 65 – Usher 54 – Alicia Keys 48 – James Brown 45 – Rihanna 40 – R. Kelly 39 – Beyonce

Flest innføringar på lista 179 - Lil Wayne 140 - Drake 129 - Jay-Z 111 - James Brown 100 - Aretha Franklin 82 - Chris Brown 71 - Nicki Minaj 48 - Rihanna

Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles er ei liste som består av 25 songar som er i ferd med å kome inn på lista. Mange gonger stoppar singlane på denne lista og kjem aldri inn på hovudlista. Bubbling Under R&B/Hip-Hop Singles vert ofte berre rekna som eit tillegg på 25 songar til hovudlista.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hot R&B/Hip-Hop Songs» frå , den 26. juni 2017.

Bakgrunnsstoff Current Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista

Kategori:Billboard-lister