Carl Arnoldus Müller () var ein norsk skulemann og politikar frå Trondheim. Han var stortingsmann 1871-73.

Müller var son til ein apotekar. Han vart student frå katedralskulen i heimbyen i 1837 og underviste ved Møllers institut 1838-40. Dei to neste åra var han huslærar i Christiania og så lærar ved Hartvig Nisssens latin- og realskole 1843-51. I 1844 tok han cand.mag.-eksamen. Frå 1851 til 1874 var han rektor ved katedralskulen i Trondheim, sidan i tilsvarande stilling ved katedralskulen i Christiania.

Müller var medlem i Trondheim bystyre i fleire år og visepreses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 1865 var han medlem i ein kommisjon som såg på «de høiere skoler» og i 1884 var han formann i «undervisningseksepeditionen». Perioden 1871-73 møtte han på Stortinget som fyrste varamann frå valkrinsen Trondheim og Levanger, då den valde Frederik Lorck sa frå seg valet. Han var sekretær i Gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske skulefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Folk frå Trondheim