mini|Bestumkilen med småbåthamna, sett frå bysida. I bakgrunnen ser ein Bygdøy. Bestumkilen er bukta nordvest for Bygdøy i Oslo, i nordaustleg lei inn frå Lysakerfjorden i Indre Oslofjord, frå øya Killingen ved Bygdøys nordvestre hjørne og inn til Skøyen. Bukta har namn etter Bestum på nordsida av bukta, som opphavleg var eit gardsnamn, no namnet på stroket. Tidlegare vart Bestumkilen og Frognerkilen kalla Ladegaardsfjordene.Oslo byleksikon, side 75 Inst i bukta munnar Hoffselva ut.

Det inste punktet i Bestumkilen er samtidig det nordlegaste punktet i Oslofjorden, og såleis den endelege enden på fjorden. Det låge eidet i nord mellom Frognerkilen og Bestumkilen var samanhengjande sjø fram til mellomalderen. Det blei ikkje lagt veg til Bygdøy før landhevinga hadde gjort dette til tørt land ein gong på 1600-talet.Bygdønett om veien til Bygdøy Ein har vurdert kanalsamband mellom dei to buktene både i 1928 og 1937.

På 1920-tallet blei Bestumkilen brukt som landingsplass og hamn for sjøfly.

Bestumkilen er elles i stor grad nytta til lystbåhamn. Her er også anna aktivitet knytt til sjøen, mellom dei Bestumkilen Roklubb med sitt klubbhus.

Sjølv om området ligg inst i Oslofjorden, er det frå tid til annan blitt sett ulike småkvalar her. I oktober 2006 blei det observert springerdelfin her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bestumkilen» frå , den 9. juli 2017.

Kategori:Oslofjorden Kategori:Bukter i Oslo Kategori:Bydel Ullern