mini|Ada Hegerberg i Lyon-drakt 2014

Ada Martine Stolsmo Hegerberg () er ein norsk fotballspelar frå Sunndalsøra som speler for Olympique lyonnais i den franske eliteserien for kvinner.

Hegerberg har vunne norsk cupgull, gull i Toppserien, gull i UEFA Champions League, gull i tysk serie, gull i tysk cup, og sølv frå EM med det norske kvinnelandslaget. Ho har vunne Gullballen (Kniksenprisen) (2015 og 2016), blei kåra til UEFA Årets kvinnelege spelar i Europa for innsatsen i sesongen 2015/16 og er tildelt Aftenpostens gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett og BBC-prisen for årets kvinnelege fotballspelar for 2017.

Midtspissen hadde per 15.7.2017 spelt 63 landskampar og skåra 38 mål. Ho spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.

Aktiv Hegerberg debuterte på Kolbotn IL i 2010. Sesongen 2012 spelte ho på Stabæk IF. Der etter var ho aktiv i Turbine Potsdam i halvtanna år. I juli 2014 gjekk ho over til franske Olympique Lyon, ein klubb ho har vunne meisterligafinale med både i 2016 og 2017.

Landslagdebuten til Hegerberg kom 19. november 2011. Med Isabell Herlovsen ute med skade, var Hegerberg det opplagde valet på midtspissplass under EM i fotball 2013.

Merittar EM-sølv: 2013 Meisterligaen: 2016 og 2017 med Olympique Lyon Noregsmeister: 2012 med Stabæk IF Fransk seriemeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon Fransk cupmeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon

Hegerberg vart kåra til Årets fotballspelar 2016 i Europa for kvinner.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ada Hegerberg» frå , den 16. juli 2017.

Referansar Hegerberg: – Du var helten min, Hege, NRK, 09.01.2016

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Sunndal