Japanmakak (Macaca fuscata) er ein makak som lever i Japan. Han er den primatarten som lever lengst nord utanom mennesket. Arten vert gjerne delt inn i to underartar, Macaca fuscata yakui og Macaca fuscata fuscata, men denne inndelinga har møtt motsegner. Japanmakakar kan bada i varme kjelder om vinteren. Dei lever i grupper på mellom 8 og 166 individ.

Japanmakaken og rhesusapen skilde truleg lag som art i pleistocen, for mellom 0,31 og 0,88 millionar år sidan, og dei er framleis nært skylde. Japanmakaken er noko lengre ute i slekt med formosamakaken og krabbemakaken.

Kjelder

Kategori:Makakar