Karsten Warholm () er ein norsk friidrettsutøvar frå Garshol i Ulstein. Han er trefaldig verdsmeister, trefaldig europameister og i 2021 olympisk meister i 400 meter hekk. Han sette verdsrekord i øvinga med tida 45,94 sekund då han vann OL-finalen i Tokyo den 1. juli 2021. Warholm er medlem i Dimna Idrettslag.
Store meisterskap I Tokyo 2021 vann han OL-gullet og satte ny verdsrekord 45,94 sekunder på 400 m hekk. I London 2017 og i Doha 2019 vart han verdsmeister på 400 meter hekk. Sesongen 2021 Warholm sette ny bestenotering i verda på 300 meter hekk under «Bislett Night of Highlights» 3. juni med tida 33,26.
Warholm satte ny verdensrekord på 400 meter hekk under Bislett Games med tiden 46,70. Tida var åtte hundredelar betre enn Kevin Youngs gamle rekord fra OL i Barcelona i 1992.
Den 03. august 2021 under OL-2020 i Tokyo slo han sin eigen verdsrekord frå Bislett Games, med tida 45,94, og satt dermed også ny olympisk rekord. Ein prestasjon som er vurdert som ein av dei største i historia til friidretten.
Sesongen 2020 Warholm sette ny verdsrekord på 300m hekk under «Impossible Games» på Bislett Stadion i juni med 33,78. Ny banerekord i Berlin på 47,08 på 400 meter hekk. Sesongen 2019 Den 13. juni 2019 sletta Warholm den 24 år gamle rekorden til Stéphane Diagana då han vann langhekken i eit DL-stemne (Bislett Games) på Bislett stadion i Oslo. Med tida 47,33 sekundar flytta han rekorden med 0,04 sekund. Fem veker, den 20. juli, forbetra han rekorden ytterlegare til 47,12 med dei han tok ein suveren siger ved eit DL-stemne på London stadion.
Sesongen 2018 9. august 2018 under EM i friidrett 2018 i Berlin fekk han snøggaste tid i semifinalane, med 48,67 sekund. I finalen sette han ny norsk rekord med 47,64 sekund, og vann med det sitt første individuelle EM-gull som senior. Tida var òg europeisk U23-rekord på 400 meter hekk. Igjen kom Yasmani Copello på andreplass
Sesongen 2017 9. august 2017 overraska Warholm og vann langhekkfinalen under verdsmeisterskapen i London på tida 48,35, framfor Yasmani Copello og olympiameister Kerron Clement.
Den 10. juni 2017 forbetra Warholm den norske rekorden på 400 meter til 44,87 sekundar i eit stemne i Florø. Fem dagar seinare vann han langhekken under Bislett Games i Oslo og sette ny norsk rekord med tida 48,25 sekundar.
Sesongen 2016 Warholm vart sjettemann i 400 meter hekk under europameisterskapen i Amsterdam.
Andre merittar Han har elles vunne norske meisterskap på 400 meter, 110 meter hekk, 400 meter hekk og i lengdehopp. Warholm vann Kongepokalen i friidrett fem år på rad, frå 2015 til 2019.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karsten Warholm» frå , den 6. august 2017. Referansar
Athletics
Kategori:Norske sprintarar Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Norske mangekjemparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Noreg Kategori:Europameistrar i friidrett for Noreg Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024 Kategori:Folk frå Ulstein