Per Johnsson Husabø () var ein norsk sivilagronom og politikar frå Leikanger i Sogn. Han representerte Sogn og Fjordane og Kristeleg Folkeparti på Stortinget frå 1977 til -85.

Husabø var son til ein gardbrukar. Han gjekk 1950/51 Fruktdyrkingskulen på Hjeltnes i Ulvik. Der etter tok han artiumskurs på Hamar i 1952. Frå 1954 til -57 studerte han hagebruk ved Noregs landbrukshøgskule og vart sivilagronom. Perioden 1957-65 arbeidde han ved Institutt for fruktdyrking på NLH, sist som amanuensis, og dessutan eitt år ved Statens forsøgsstation Blangstedgaard i Danmark. Frå 1965 til 1992 var han tilsett på Statens forskningsstasjon Njøs i Leikanger, som forsøksleiar 1966-77 og forskar 1986-92.

Husabø var medlem i Leikanger kommunestyre 1968-75 og styreformann i Leikanger kommunale elektrisitetsverk 1975-77. Ved stortingsvalet 1977 vart han vald til stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, attvald 1981. I den fyrste fireårsbolken var han medlem i Landbrukskomiteen, medan han 1981-85 var nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Folk frå Leikanger Kategori:Norske agronomar