Leif Bendix Jørgensen () var ein norsk pianist utdanna frå Musikkonservatoriet i Oslo, der han også var lærar etter endt utdanning. Jørgensen gjennomførte sin første konsert i kulturhuset Festiviteten i heimbyen Haugesund i 1942, og hadde si foreløpig siste opptreden same stad så seint som i 2017, der han framførte delar av programmet frå debutkonserten. Han var då 92 år gamal.
Jørgensen har, utanom eigne konsertar, blant anna vore dirigent for Haugesund Byorkester, og lærar ved Oslo Musikkonservatorium. Jørgensen vart kjendis i Skandinavia som mangeårig deltakar i spørreprogrammet Kontrapunkt, ein konkurranse han vann i 1972 saman med Ivar Folgerø og Gudmund Holthe. Same år var han gjest i Erik Bye sitt underhaldningsprogram «Lørdagskveld med Erik Bye».
Fotnotar
Kategori:Norske pianistar Kategori:Folk frå Haugesund