Godøy bedehuskapell i Giske kommune i Møre og Romsdal vart oppført som bedehus i 1953 og påbygd i 1979. Sidan er bedehuskapellet utvida i 2001, og i 2008 vart det oppført eit klokketårn.
Byggverket er i murstein og har 200 sitjeplassar.Ifølgje Rasmussen (1993). Dette kan ha vorte endra.
Det er ikkje kyrkjegard ved kapellet, men Godøy gravplass er ein drøy kilometer lengre nordaust.
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Giske kirkelige fellesråd
Kategori:Kyrkjer i Nordre Sunnmøre prosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Kyrkjer i Giske Kategori:Kulturminne i Giske Kategori:Norske kyrkjer frå 1953