Kazuo Ishiguro () er ein britisk romanforfattar. Ishiguro vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2017 for sine «romanar med stor emosjonell kraft [som] har avdekt avgrunnen under vår illusoriske kjensle av samband med verda.»
Liv og virke Ishiguro vart fødd i Nagasaki i Japan, som barn av Shizuo, ein oseanograf, og Shizuko, ei heimeverande husmor. Familien flytta til England i 1960 då faren hans fekk ei stilling ved National Institute of Oceanography i Guildford i Surrey. Ishiguro gjekk på Stoughton Primary School i Guildford (1960-1966) og på Woking County Grammar School (1966-1973). Etter eit friår, der han m.a. haika omkring i Nord-Amerika, byrja han å studera filosofi og engelsk på University of Kent. Han avbraut studia i eitt år etter det første året og arbeidde som sosialarbeid i Glasgow. Det var på denne tida at han for alvor tok til å skrive litteratur. Han tok bachelorgraden ved University of Kent i 1978, tok eit nytt friår frå studia og arbeidde som sosialarbeidar i London medan han drøymde om å verta musikar.
I 1979 byrja han å studera skrivekunst ved University of East Anglia og tok mastergraden i 1980.
Forfattarane Angela Carter og Malcom Bradbury var blant lærarane der. Etter at han vart ferdig med studia, arbeidet han som sosialarbeidar att, men bestemte seg for å verta heltidsforfatter då han var midt i tjueåra.
The New York Times har kalla han «ein av dei mest feira og innverknadsrike britiske samtidsforfattarane i sin generasjon», og han er vorte nominert fire gonger til Bookerprisen. Han vann prisen i 1989 for romanen The Remains of the Day (1989), som òg vart filmatisert i 1993 med Anthony Hopkins og Emma Thompson i hovudrollene. I 2008 rangerte avisa Times han på 32.-plass på si liste over «Dei 50 største britiske forfattarane sidan 1945».«The 50 greatest British writers since 1945». The Times (London). 5. januar 2008. I 2010 vart romanen hans Never Let Me Go (2005) filmatisert. Never Let Me Go vart òg kringkasta som fjernsynsserie i Japan i 2016.(ja-JP)
Prisar og utmerkingar RSL Winifred Holtby Award, 1983, for A Pale View of Hills Whitbread Book of the Year, 1986, for Kunstner i den flytende verden (engelsk An Artist of the Floating World) Booker Prize, 1989, for Resten av dagen (engelsk The Remains of the Day) Cheltenham Prize, 1995, for The Unconsoled Booker shortlist, 2000, for Tilbake til Shangai (engelsk When We Were Orphans) Nobels litteraturpris, 2017 Offiser av Order of the British Empire, 1995 Riddar av l'Ordre des Arts et des Lettres, 1998 Æresdoktorgradar frå University of Kent, University of East Anglia og University of St. Andrews.
Bibliografi (1981) Tre noveller i Introduction 7: Stories by New Writers (1982) A Pale View of Hills (1984) A Profile of Arthur J. Mason (1986) An Artist of the Floating World. – På norsk som Kunstner i den flytende verden, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1987) (1987) The Gourmet (1989) The Remains of the Day. – På norsk som Resten av dagen, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1990) (1995) The Unconsoled. – På norsk som De utrøstelige, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 1995) (2000) When We Were Orphans. – På norsk som Tilbake til Shanghai, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2000) (2003) The Saddest Music in the World (2005) Never Let Me Go. – På norsk som Gå aldri fra meg, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2006) 2005) The White Countess (2009) Nocturnes. – På norsk som Nokturner: fem fortellinger om musikk og skumring, omsett av Kari og Kjell Risvik. (Cappelen, 2012) (2015) The Buried Giant
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Folk frå Guildford Kategori:Folk frå Nagasaki Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Forfattarar frå 2000-talet