mini|Utsyn frå Ljøen ved Sunnylvsfjorden. Matvika (ikkje synleg på biletet) ligg litt inn om Lundaneset, ved innløpet til Geirangerfjorden. mini|Matvika ved Geirangerfjorden. Matvika (dialektisk: mātvikja) matrikkelgard nr 105 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.
Om namnet: Oluf Rygh«Norske Gaardnavne» av O. Rygh (Oslo, Børsum, 1969) trur helst at namnet kan skrive seg frå det norrøne ordet matr (mat, føde), som viser til at folk på ferd i fjorden truleg brukte staden til å kvile og halde måltid der (jamfør Matrand). Lokalt er namnet gitt ei meir prosaisk tyding, sjå side 21 og 22 i boka «Geiranger: en beskrivelse med billeder»Geiranger: en beskrivelse med billeder av Edv. Hole (Christiania 1905), om Matvika: side 21-22
Garden ligg på nordsida av Geirangerfjorden, nær sjøen i ei lita vik, om lag 30 moh. Den første brukaren ein kjenner til, var på garden før 1634 Sunnylven og Geiranger 2 : Gard og ætt (om Matvika: side 449-451) Stranda sogelag 1993.. I tidlegare tider har garden i periodar vore omtala som øydegard.
Heimebøen i Matvika er på 3-4 mål, men er særs steinet og berglendt. Sjølve tunet er rekna for å vere trygt for skred men der er gyl på begge sider, der det ofte går snørasSkrednett NVE Snøskred i Matvika. Garden ligg i solhellinga, er overlag grøderik og rekna som den mest arts-rike staden ved GeirangerfjordenMatvika Naturbase, Miljødirektoratet. Den høge sumartemperaturen gjer at staden høver godt for hagebruk og der vart jamvel dyrka fram tomatar og aprikoser på friland. Garden hadde store fjellslåttar og frå tidleg på 1900-talet henta dei òg høy frå dei fråflytta grannegardane Horvadrag, Lundanes og Furnes. På denne tida fora dei, utan om nokre kyr og sauer, 50-100 geiter på garden og ysting av geiteost var ein viktig leveveg.
Saman med Lundanes, hadde dei seter i Robbedalen, om lag 940 moh.
Matvika vart fråflytta så seint som i 1961, og ein hovudgrunn til at ein då måtte gi opp gardsdrifta, var at mjølkebåten til Hellesylt slutta å gå. Staden blir i dag nytta som fritids-bustad. Den ideelle foreininga «Storfjordens Venner»Storfjordens venner har lagt ned mykje arbeid for å halde garden vedlike.
Kjelder og utfyllande opplysningar Referansar
Bakgrunnsstoff
Historisk reportasje frå Matvika Sunnmøringen, 6. juli 2013 Restaurerer fjordgard Sunnmøringen, Publisert: 09.07 2013 18:23 Første arbeidshelg i Matvika frå matvik.no Verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap - innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005.
Kategori:Kulturminne i Stranda Kategori:Storfjorden på Sunnmøre Kategori:Gardar i Møre og Romsdal