Vilhelm Andreas Wexelsen Evang () ar ein norsk embetsmann som var leiar for Etterretningstenesta 1946-1966. Som leiar for ei militær eining vart han beskikka som offiser med rang som oberst, til trass for at han mangla militær utdanning og bakgrunn.
Bakgrunn Evang var fødd i Aker kommune og voks opp i Kristiania. Etter examen artium 1927 vart han i likskap med broren Karl Evang med i organisasjonen Mot Dag, leidd av Erling Falk. I motsetnad til broren Karl var Vilhelm Evang ikkje ein del av den indre krinsen i Mot Dag. Han skreiv særs for Arbeidernes Leksikon, der han hadde naturvitskap og geografi som hovudområda. Evang vart cand.real. i geografi ved Universitetet i Oslo i 1939, og var styreformann i Studentsamskipnaden i Oslo 1939-41.
Andre verdskrigen På grunn av deltaking i illegalt arbeid måtte Evang flykta frå Noreg, først til Sverige, deretter til London i 1941. Her vart han ein såkalla «sivil-militær offiser» ved Forsvarsdepartementet sitt etterretningskontor, som året etter vart etablert som 2. avdeling til Forsvarets overkommando.
Etterretningssjef Etter krigen var Evang først sjef for avdelinga «Adm.T.P.». («Administrasjon av tysk personell» – gjennomgang av det tyske personellet som stod i Noreg etter okkupasjonstida, med sikte på å avdekka krigsforbrytarar.) I 1946 overtok han som sjef for etterretningstenesta, ei stilling han hadde fram til 1966.
Vilhelm Evang bygde i løpet av desse tjue åra ut etterretningstenesta under den kalde krigen.
Til trass for at han ikkje hadde noka militær utdanning, vart han tildelt graden major i London, og seinare vart han som leiar av etterretningstenesta forfremja til oberstløytnant og oberst. Både beskikkelsane i militær grad - òg i fredstid - og det faktumet at han leidde ei særs stor militær eining utan militær bakgrunn, i tillegg til leiarstilen hans, skapte stor misnøye og gjorde samarbeidstilhøva til dei militære samarbeidspartnarane vanskeleg.
Avskjed og seinare karriere Evang mista jobben som etterretningssjef i 1966 etter den sokalla Lygren-saka, grunna interne samarbeidsproblem innan tenesta.Olav Riste og Arnfinn Moland: Strengt hemmelig - Norsk etterretning 1945-1970, Universitetsforlaget ISBN 82-00-12769-9, s. 331-343 Samstundes vart det peikt på at han hadde betre kontaktar til delar av den politiske sektoren, enn til det militære apparatet. Evang sine konfliktar med Asbjørn Bryhn var òg ein del av bakgrunnen for at han måtte forlata stillinga, samstundes med at Bryhn på sin side måtte forlata stillinga som sjef for Overvåkningspolitiet.
Evang vart flytta til SACEUR i åra 1966-69. Deretter stod han til disposisjon for forsvarssjefen fram til han vart pensjonert i 1974.
Familie Teologen Vilhelm Andreas Wexelsen var morfaren til Vilhelm Evang. Evang var bror av legen Karl Evang.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vilhelm Evang» frå , den 14. oktober 2017.
Bakgrunnsstoff Utdjupande artikkel i Norsk Biografisk Leksikon
Kategori:Medlemmar av Mot Dag Kategori:Norsk etterretning Kategori:Norske embets- og tenestefolk