Marit Berger Røsland () er ein norsk advokat og politikar for Høgre. Frå 20. oktober 2017 til 17. januar 2018 var ho norsk EØS- og EU-minister.
Ho er cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 2006, og har vore advokatfullmektig og advokat i Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo sidan 2006. Røsland var dommarfullmektig i Oslo tingrett 2009–2010. Frå 17. oktober 2014 var ho statssekretær for statsminister Erna Solberg og frå 16. desember 2015 statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug. Den 23. september 2016 vart ho utnemnd til statssekretær for Børge Brende i Utenriksdepartementet. Ho vart utnemnd til EØS- og EU-minister i Erna Solbergs regjering den 20. oktober 2017.
Røsland var leiar i Akershus Unge Høgre 1998–2000, kampanjesekretær i Akershus Høgre i 1999, medlem av Akershus fylkesting 1999–2003, politisk sekretær for ordførar Per Ditlev-Simonsen 2000–2001, 2. nestleiar i Unge Høgre 2000–2002, redaktør i Unge Høgres medlemsblad Xtra 2000–2002, byrådsekretær for velferd og sosiale tenester i 2002, politisk rådgjevar i Utenriksdepartementet 2003–2005, medlem av Oslo Høgres programkomité og medlem av Oslo bystyre 2003–2007.
Ho er gift med advokat og tidlegare byrådleiar i Oslo Stian Berger Røsland. Paret har to barn.
Kjelder Offisielt frå statsråd 17. oktober 2014 Offisielt frå statsråd 16. desember 2015 .
Kategori:Høgrepolitikarar i Oslo Kategori:Norske advokatar Kategori:Folk frå Skedsmo Kategori:Politiske rådgjevarar frå Høgre Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Norske EØS- og EU-ministrar