Birger Øivind Meidell () var ein norsk matematikar og politikar frå Bergen. Sigurd Meidell var ein eldre bror.
Meidell, som var son til ein skipperborgar, studerte i Hannover, Göttingen og Paris. Han arbeidde deretter som aktuar i mange år, busett i Bærum. I 1923 fekk han stilling ved Universitetet i Oslo som professor i trygdingsmatematikk, ein lærestol han hadde i 18 år. Etter at Noreg var okkupert av Tyskland i 1940 gjekk han 25. september 1940 inn i den fyrste Quisling-regjeringa og var sosialminister i eitt år. Seinare var han kommissarisk statsråd. Elles tida 1941-45 var han direktør for Norges Brannkasse.
I 1946 vart Meidell dømd til livsvarig tvangsarbeid for landssvik, men fekk nåde i 1949.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:NS-politikarar Kategori:Norske matematikkprofessorar Kategori:Folk frå Bergen