Richard Kovich () var ein USA-amerikansk etterretningsagent som blei urettmessig skulda for å vera dobbeltagent.
Kovich var fødd i Hibbing i Minnesota som son av serbiske invandrarar, og snakka serbisk (eller serbo-kroatisk) frå barndomen. Han tente i den amerikanske marinen i Stillehavet under andre verdskrigen, og studerte ved University of Minnesota.
Kovich gjekk tidleg inn i etterretningsorganisasjonen CIA, der han var ein lovande agent, og arbeidde lenge i Europa. Han fann ut mykje om tekniske kapasitetar på rakettar og missil som fanst i Sovjetunionen av ein avhoppar, Mikhail Federov. I Noreg er han kjend for å vera styringsoffiser for den norske CIA-agenten Ingeborg Lygren. Han er likevel mest kjend for at han med urett mista truverde etter at leiaren for kontraspionasje, James Jesus Angleton, sette i gang eit stort program mot «moldvarpar» i organisasjonen, og ein sovjetisk avhoppar, Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn, hevda at ein slavisk person med eit etternamn som byrja på K spionerte for KGB.
Kovich fekk etterkvart oppreising og erstatning, men måtte sjå kariera si øydelagd. Seinare fekk han tilgang til personellpapira sine og engasejerte seg i å få oppreising for agentar som var blitt mistrudde utan grunn..
Han trekte seg tilbake frå etterretningstenesta i 1974, 47 år gammal. Han døydde i 2006 på heimstaden i Jacksonville i Nord-Carolina.
Kjelder
Kategori:CIA Kategori:Folk frå Minnesota