mini|Kinesisk spegel med inkrusterte dekorasjonar i gull og sylv.
Inkrustering er ein overflateteknikk innan arkitektur, møbeldesign og anna dekorativt arbeid. Ved inkrustering graverer, risser eller skjer ein eit mønster i ei overflate og fyller det met eit materiale, som kritmasse, stein eller metall. Fyllmaterialet kan vera i delvis flytande tilstand når det blir lagt ned i stein, bein og andre harde underlag.
venstre|mini|Skrivebord (sekretær eller bonheur-du-jour) med inkrustering frå slottet i Versailles.
I europeisk samanheng blei teknikken særleg nytta på 1500- og 1600-talet.
Mosaikk og nærskylde teknikkar blir rekna som former for inkrustering. Vanleg innlegging av finér blir ikkje rekna som inkrustering, men blir kalla intarsia.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Arkitektur Kategori:Møblar