Haldor Bjerkeseth () var ein norsk gardbrukar frå Øre på Nordmøre. Han representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget 1950-53.

Bjerkeseth var son til ein gardbukar som òg var smed. Frå 1900 til 1903 gjekk han sjølv i smedlære. Han tok over farsgarden 1911 og dreiv han i lang tid. Samstundes var han emissær for Det norske misjonsselskap til 1949.

Bjerkeseth var medlem i Øre kommunestyre 1913-22, 1931-34 og 1937-40. Hausten 1949 vart han vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og for Kristeleg Folkeparti. Fireårsbolken 1950-53 var han då medlem i Administrasjonskomiteen. Han stilte ikkje til attval for ein ny tingperiode.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Folk frå Gjemnes