Ninive guvernement (også skrive Ninawa, ) er eit guvernement nord i Irak kring den assyriske oldtidsbyen Ninive. Det var ein viktig del av Assyria frå 2400-talet fvt. til 600-talet evt. Det har eit areal på 37 323 km² og kring 2,5 millionar innbyggjarar. Den største byen og provinshovudstaden er Mosul, som ligg på andre sida av Tigris frå ruinane av oldtidsbyen Ninive. Tal Afar er den nest største byen. Før 1976 vart det kalla Mosul guvernement og omfatta dagens Dohuk guvernement.

Området er etnisk, religiøst og kulturelt mangfaldig og har vore utsett for åtak frå terroristorganisasjonen Den islamske staten, som erobra Mosul 10. juni 2014, og øydela mange religiøse stader og historiske ruinar og monument. Ein massiv offensiv for å ta attende byen vart sett i gang i oktober 2016.

Geografi

Guvernementet grensa til Dohuk guvernement i nord, Erbil guvernement i aust, Saladin guvernement i søraust og Al Anbar guvernement i sør. I vest grensa det til Syria, hovudsakleg Al-Hasakah guvernement, i tillegg til Deir ez-Zor guvernement i sør.

Administrative distrikt

Ninive guvernement består av 30 distrikt:

Distrikt Arabisk Areal (km²) Innbyggjartal i 2003 Sinjar 2 928 166 466 Al-Ba'aj 9 172 88 401 Al-Hadar (Hatra) 9 38 37 655 Al-Mosul 4 471 1 432 230 Tel Afar 4 453 300 878 Tel Kaif 1 244 167 647 Al-Hamdaniya 1 155 125 665 Al-Shikhan 1 333 58 132 Total 37 323 2 453 116

Makhmur-distriktet, Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet var tidlegare ein del av Ninive guvernement og har vore styrt av styresmaktene i Irakisk Kurdistan, sidan Mosul ikkje hadde kontroll over desse distrikta. I dag er Makhmur-distriktet ein del av Erbil guvernement. Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet er ein del av Dohuk guvernement.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nineveh Governorate» frå , den 8. november 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Guvernement i Irak Kategori:Øvre Mesopotamia Kategori:Jesidiar i Irak