Agnes Symra () var ein norsk skodespelar.

Agnes Symra var fødd i Bergen som dotter av cand.theol. Johan Henrich Simonsen (født 1840) og Anne Margrethe Reimers (1844-1892). Ho debuterte på Den Nationale Scene i Bergen i 1893. I 1899 blei ho tilsett ved Nationaltheatret i dåverande Kristiania.

I 1896 gifta Agnes Simonsen seg med teatermannen Halfdan Christensen. Ekteskapet blei oppløyst i 1904. Ho byrja å bruka namnet Agnes Symra i 1907.NBL-artikkel om Halfdan Christensen.

Ifølgje oppslagsverket Hvem er Hvem frå 1912 var Symra særleg kjend som oppleser av «dramatisk digtning», blant anna av Peer Gynt, i både Skandinavia og Tyskland."Hvem er Hvem 1912" på nettstedet www.runeberg.org

På Nationaltheatret sin turné i Tyskland og Austerrike i 1913 resiterte Agnes Symra utdrag frå Peer Gynt. Den fullstendige turnélista er ikkje kjend, men dei austerrikske byane Linz og Wels var blant spelestadene.Omtale av turneen på nettstedet www.ibsen.net

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Agnes Symra» frå , den 9. november 2017.

Bakgrunnsstoff Stavanger Aftenblad 4. april 1909 - notiser om Agnes Symras opptredener i Haugesund og Stavanger Stavanger Aftenblad 15. november 1909 - notis med overskriften Frøken Agnes Symra: "Frøken Agnes Symra, som i februar agter at gi en oplæsningsaften i Stavanger, har i en række Berliner-aviser faat en udmerket omtale for fin oplæsningskunst. Saalædes skriver"Reichsanzeiger": "For nogle dager siden introducerede frøken Agnes Symra fra Stockholm sig hersteds i (---) som en høitbegavet recitatrice. Hun foredrog Ibsens dramatiske digt "Peer Gynt"(---)"

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Bergen