Flyktninghjelpen (NRC: Norwegian Refugee Council) er ein humanitær organisasjon basert i Noreg som har som mål å hjelpa og støtta rettane til menneske på flukt. Flyktninghjelpen er religiøst og partipolitisk uavhengig og tilbyr hjelp, vern og ei røyst til flyktningar og internt fordrivne

Dei fleste medarbeidarane i organisasjonen er lokalt tilsette i om lag 30 konfliktområde (2017) i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Hovudkontoret ligg i Oslo og har rundt 200 tilsette. I tillegg er organisasjonen representert i Brussel, Genève, Addis Abeba, Dubai og Washington.

mini|Matkø av fortdrivne ivorianarar i Liberia i 2011. Matutdelinga var eit samarbeid mellom Flyktninghjelpen og SN sin høgkommissær for flyktningar.

Organisasjonen er ei vidareføring av Europahjelpen, som blei oppretta i 1946. Han heitte Det Norske Flyktningeråd fram til 1992 og Flyktningerådet fram til 2005, då han fekk namnet Flyktninghjelpen. På engelsk er han kjend som Norwegian Refugee Council, NRC. Han har eit tett samarbeid med SN sin høgkommissær for flyktningar og fleire andre SN- og internasjonale bistandsorganisasjonar.

Verkeområde Flyktninghjelpen har seks område som spesialfelt for å hjelpa folk som flyktar:

Mattryggleik Tilgang på reint vatn Husly Leirdrift Rettshjelp Utdanning

I tillegg ser organisasjonen seg som ein talsmann for flyktningar som kan gje informasjon og påverka politikken til støtte for flyktande sine rettar.

Organisasjonen driv eit dokumentasjonssenter om internt fordrivne, Internal Displacement Monitoring Centre (IDMC). Senteret blei skipa i 1998 og har base i Genève. Det kartlegg og rapporterte om situasjonen til menneske som er på flukt i eige land.

Flyktninghjelpen driv også ein beredskapsstyrke, NORCAP, som bistår SN, andre internasjonale organisasjonar, regionale institusjonar og nasjonale styresmakter i samband med humanitære krisesituasjonar. Styrken omfattar rundt 1000 kvinner og menn som raskt kan reisa kvar som helst i verda. NORCAP er finansiert av det norske Utanriksdepartementet (UD).

Utdeling av prisar Kvart år deler Flyktninghjelpen ut Perspektivprisen til personar eller media som har utmerka seg ved å formidla internasjonale nyhende og kasta lys over internasjonale spørsmål. I 2011 vann Sidsel Wold, Midtausten-korrespondent i NRK, prisen. I 2012 gjekk han til VG-fotograf Espen Rasmussen og i 2013 til Aftenposten Junior.Aftenposten Junior

Flyktninghjelpen bidreg også til å organisera seremonien rundt utdelinga av Nansenprisen (engelsk The Nansen Refugee Award), som blir delt ut årleg av SN sin høgkommissær for flyktningar for framifrå innsats for flyktningar.

Generalsekretærar mini|Jan Egeland, 2025. 1953–1956: Knut Okkehaug 1956–1960: Arne Fjellbu 1960–1980: Wilhelm S. Bøe 1980: Ruth Ryste 1981–1990: Eva Dunlop 1990–1994: Trygve G. Nordby 1994-1995: Gunnar F. Andersen 1995–1997: Trygve G. Nordby 1997–1999: Ola Metliaas 2000–2002: Steinar Sørlie 2002–2005: Raymond Johansen 2006–2008: Thomas Colin Archer 2008–2013: Elisabeth Rasmusson 2013– : Jan Egeland

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Flyktninghjelpen» frå , den 17. november 2017.

Bakgrunnsstoff

NORCAP Internal Displacement Monitoring Centre (IDMC) The Nansen Refugee Award UNHCR OCHA

Kategori:Norske humanitære organisasjonar Kategori:Norske ideelle organisasjonar Kategori:Organisasjonar knytt til migrasjon