Christian O'Sullivan () er ein norsk handballspelar frå Oslo som vann sølv med Noreg under Handball-VM 2017 i Frankrike. Sidan 2016 spelar han på den tyske handballklubben SC Magdeburg. Tidlegare var han aktiv i Bækkelaget SK fram til 2014 og der etter i svenske Kristianstad 2014-16. O'Sullivan er midtre rykkromspelar og hadde per 1.11.2017 delteke i 79 landskampar med Noreg og skåra 107 mål.
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Oslo