Jelena Porsanger () er ein forsker innan samisk kultur og historie. Ho var rektor ved Samisk høgskole i Kautokeino frå 2011 til 2015.
Liv og virke Jelena Porsanger voks opp i landsbyen Loparskaja i innlandet av Kolahalvøya, sentralt i det kildinsamiske området. Familiebakgrunnen hennar er likevel frå det skoltesamiske området nær grensa mellom Russland og Finland, og faren skal ha snakka skoltesamisk. Foreldra forska på nordlys ved Polar-geofysisk institutt ved Kola vitskaplege senter under Det russiske vitskapsakademiet, og Jelena vart difor tidleg stimulert til ein akademisk karriere.
Utover 1970-talet byrja det å verta aukande interesse for det samiske, og då det kom ei samisk-russisk ordbok lærte Porsanger seg kildinsamisk på eiga hand. Av farmora lærte ho i tillegg finsk, og ho drog seinare til Helsingfors for å studera, der ho òg måtte læra seg nordsamisk.
I 1998 byrja Porsanger som førsteamanuensis ved Senter for samiske studium ved Universitetet i Tromsø, i 2000 blei ho tilsett som forskar og førelesar og i 2005 som seniorforskar. Forskinga hennar på munnlege og skriftlege kjelder til den austsamiske urfolkreligionen frå 1500- til 1900-talet førte fram til doktoravhandlinga «Bassejoga čáhci»: Gáldut nuortasámiid eamioskkoldaga birra álgoálbmotmetodologiijaid olis («Vatna i den heilage elva»: Kjeldene til den austsamiske religionen sett i lys av urfolkmetodologi), som ho forsvarte ved Universitetet i Tromsø i januar 2006. Det var den første disputasen som hadde føregått på samisk i Noreg. Porsanger har sagt at inspirasjonen til oppgåva kom frå frustrasjon over kor lite som var skrive om austsamisk kultur og religion, og at det som var skrive var «urettmessig generalisert».
Ho vart tilsett ved Samisk høgskule i Kautokeino, der ho sidan 2010 har leidd eit forskingsprosjekt for utvikling av metodologi, dokumentasjon, bevaring, vern og lagring av árbediehtu – tradisjonell samisk kunnskap. 1. august 2011 vart ho rektor ved høgskulen.
Porsanger har òg vore med i ekspertpanelet til SN sitt forum for urfolksaker.
Kjelder
(daud lenkje juli 2017)
Denne artikkelen bygger på «Jelena Porsanger» frå , den 26. november 2017.
Bakgrunnsstoff
Siw Ellen Jakobsen. Med himmelen som tak (Portrett i Bladet forsking nr 2/2007)
Kategori:Norske vitskapsfolk Kategori:Folk frå Murmansk oblast Kategori:Samiske språkforskarar Kategori:Rektorar ved Samisk høgskole