Eilert Gerhard Schanche () var ein norsk gardbrukar, fødd i Skånevik i Hordaland, stortingsmann 1892-1903 og 1906-09. Før unionsoppløysinga i 1905 representerte han Moderate Venstre, sidan vart han vald for Samlingspartiet.
Schanche var son til ein prest. Sjølv tok han i 1882 eksamen ved den høgare avdelinga på landbruksskulen på Ås. Tre år seinare tok han over slektsgarden Utstein kloster, der han vart den siste eigar av det eigenlege Utstein kloster, ettersom han i 1896 forhandla fram ein avtale med den norske staten der staten fekk eigedomsretten til klosterkyrkja mot å koste restaureringa av kyrkja. Dette gav Schanche høve til å sette i verk ei svært omfattande nydyrking på godset.
Schanche fekk tidleg ein sentral posisjon i Mosterøy, medlem i heradsstyret frå 1885, der etter ordførar frå 1889 til 1910. Han også forlikskommissær og elles formann i Rogaland landhusholdningsselskap.
I alle dei fire tingbolkane frå 1892 til 1903 representerte Schanche Stavanger amt på Stortinget. Ved stortingsvalet i 1903 var det innført val frå einmannskrinsar og Schanche lukkast ikkje å verte attvald. Tre år seinare lukkast han derimot å verte vald til tingmann frå krinsen Hesbø og Hafrsfjord. På Stortinget hadde han i alle år plass i Landbrukskomiteen, sekretær 1898-1900 og formann 1900-03 og 1906-09. Valperioden 1906-09 var han tillegg medlem i Lagtinget. Schanche var også medlem i to riks-utval; Telefonkomiteen av 1902 og den parlamentariske landbrukskommisjonen av 1895.
I 1910 skøytte Schanche Utstein-godset over til dei to sønene sine. Sjølv busette han seg i Oslo. Han var utnemnd til Riddar av 1. Klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 skankeforeningen.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Folk frå Etne Kategori:Folk frå Rennesøy