mini|Ein mimivirus-partikkel, eit DNA-virus DNA-virus er virus som nyttar DNA som arvestoff, og dei kan ha både dobbelt- og enkelttråda DNA. Nokre DNA-virus nyttar eit RNA-mellomsteg i økslinga (pararetrovirus). Bakteriofagar er truleg den største biomassen på jorda, og dei aller fleste kjende bakteriofagane er dobbelttråda DNA-virus. Herpesvirus, koppar-virus og pandoravirus er andre døme på DNA-virus.
Dobbelttråda DNA-virus utviklar seg mykje tregare enn RNA-virus. DNA-virus nyttar DNA-polymerasar som kan retta opp att lyte som oppstår ved laging av nye DNA-molekyl. Av ein ukjend grunn utviklar derimot enkelttråda DNA-virus seg omtrent like snøgt som RNA-virus, sjølv om dei nyttar DNA-polymerasar frå verten.
Fleire større dobbelttråda DNA-virus har ein indre membran som femnar om DNA-et, og eit DNA-virus med to kapsid er kjent (faustovirus).
Kjelder