mini|MP-7 mini|MP7A1 med lyddempar og ekstra sikte

MP7 er ein maskinpistol frå tyske Heckler & Koch i kaliber 4,6 × 30 mm. Han vart utforma på grunn av eit Nato-krav frå 1989 om ein maskinpistol med høgare penetrasjonsevne i kroppspansring enn maskinpistolar som fanst då.

Konstruksjonen er kompakt og i stor grad laga med plastmaterialar. 4,6 mm-ammunisjonen har ein svært høg utgangsfart, noko som gjev stor effekt i målet.

MP7 passar inn i ei klasse svært lette og kompakte finkalibra maskinpistolar som på engelsk har fått namnet personal defence weapon (PDW).

Norsk teneste Den 31. mai 2007 underteikna Forsvaret kontrakt med Heckler & Koch om leveranse av 6 500 stk Heckler & Koch MP7. Våpenet skal erstatta den gamle MP5-en og vart sett i teneste sumaren 2008.

Sjå òg SN P90 – den næraste konkurrenten

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Heckler & Koch MP7» frå , den 1. januar 2018.

Bakgrunnsstoff Defense Review - testar og videoklipp (engelsk)

Kategori:Maskinpistolar Kategori:Heckler & Koch Kategori:Tyske skytevåpen