Lokal redningssentral (LRS) er eit norsk organ underlagt Hovudredningssentralane (HRS). Det har normalt sett ansvar for redningsaksjonar på land i Noreg etter delegering frå HRS.

Kvart politidistrikt utgjer ein lokal redningssentral, det same gjer Sysselmannen på Svalbard. Det er politimeisteren i det respektive politidistriktet som står i spissen for den kollektive redningsleiinga på LRS-nivået.

LRS vert nytta når det er aktuelt å samordna og koordinera redningsaksjonar på land, eller når HRS av andre årsaker vel å nytta LRS til støtte for redningstjenesten. LRS rapporterer til HRS.

Den lokale redningssentralen består av ei lokal redningsleiing samansett av dei viktigaste samvirkepartnarane innan landredning, med politimeisteren som leiar. Dei statlege samvirkepartnarane i redningsleiinga skal bestå av representantar for Helsedirektoratet, Kystverket (der det er relevant), Forsvaret, Sivilforsvaret og fylkesmannen sin beredskapsorganisasjon. Følgjande vert tilbodne å delta i redningsleiinga på nærare måte sett fast ved Justis- og beredskapsdepartementet: Avinor (eventuelt anna lokal luftfartsstyresmakt), brannstellet og Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum. Utover dette kan det, føresett tilstrekkeleg avtalegrunnlag og godkjenning frå hovudredningssentralane, vert gjort lokale tilpassingar i samansetjinga av den lokale redningsleiinga.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Lokal redningssentral» frå , den 25. januar 2018.

Kategori:Norske statsetatar Kategori:Bergingstenest