Southern Roots: Back Home In Memphis er eit musikkalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1973.

Southern Roots: Back Home In Memphis vart marknadsført som eit «comebackalbum» for Lewis, som i beste fall var villeiande. Lewis hadde hatt stor suksess på countrylistene sidan 1968 og fått 15 hittar inn på topp 10 (inkludert fire på toppen) og utselde konsertar. Albumet inneheld derimot langt meir rock and roll-prega songar enn country.

Innspeling Albumet vart produsert av Huey Meaux og innspelinga byrja i september 1973, som vart eit dårleg år for Lewis. Han hadde blitt fengsla og bøtelagt for å køyre i alkoholpåverka tilstand. Kort tid etter han slapp ut omkom sonen Jerry Lee Lewis jr. i ei bilulukke, og tre veker seinare søkte den fjere kona hans, Jaren, om skilsmisse. Albumet har ei kraftig soul-kjensle og Lewis vart akkompagnert av folk frå Stax Records som Steve Cropper, Al Jackson jr. og Donald «Duck» Dunn, i tillegg til rock and roll-ikonet Carl Perkins og Memphis Horns.

Southern Roots gjekk inn på countrylista til Billboard, og nådde sjetteplassen.

Innhald

Medverkande Jerry Lee Lewis - vokal, piano Carl Perkins, James Tarbutton, Kenny Lovelace, Paul Cannon, Steve Cropper, Tony Joe White - gitar Charles Owens - steelgitar Donald «Duck» Dunn, Herman «Hawk» Hawkins, Tommy Cathey - bass J.L. «Marty» Morrison, James Brown - orgel Augie Meyers - Vox-orgel Al Jackson, Jr., Joel Williams, Robert «Tarp» Tarrant - trommer Jerry Lee Lewis, Jr. - perkusjon Mack Vickery - munnspel Bill Taylor, Mark Lindsay, Russ Carlton - blåsarar Memphis Horns: Andrew Love, Ed Logan, Jack Hale, James Mitchell, Wayne Jackson - blåsarar Sugar Sweets - korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Southern Roots: Back Home to Memphis» frå , den 28. januar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Mercury Records-album