miniatyr|Mahmud av Ghazni, i raudt, med gul turban Mahmud av Ghazni () var den viktigaste herskaren i det persiske Ghaznavide-dynastiet. Han var frå Ghazni-provinsen i Afghanistan, og var den første i dynastiet med tittelen «sultan». Han erobra austlege iranske område og nordvestlege delar av det indiske subkontinentet i tida frå 997 og til han døydde i 1030. Mahmud gjorde den tidlegare provinsbyen Ghazni eller Ghazna om til ein rik hovudstad for eit utstrekt rike som dekte det meste av dagensAfghanistan, austlege Iran og Pakistan.
Bakgrunn Mahmud var son av Sabuktigin, ein mamelukk av tyrkarherkomst som grunnla Ghaznavidedynastiet. Han var herskar i Ghazni frå 998. I 1021 invaderte og erobra han Multan og Panjab.
Han oppretta eit kulturelt sentrum med muslimsk profil i Lahore, og er rekna som grunnleggjaren av Delhisultanatet.
Riket hans blei kortvarig. Berre ti år etter hans død hadde det krympa til eit lokalt fyrstedøme i Aust-Afghanistan og Nordvest-India.Harrison, Dick, Europa i världen - medeltiden (2003), Liber AB, Stockholm, , s. 230
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mahmud av Ghazni» frå , den 28. januar 2018. Denne artikkelen bygger på «Mahmud of Ghazni» frå , den 28. januar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Afghansk historie Kategori:Indisk historie Kategori:Iransk historie Kategori:Pakistansk historie Kategori:Ghaznavide-dynastiet