mini|Småkongedøme i Noreg rundt 820. Hålogaland er merkt med rosa. mini|Kart over Hålogaland i mellomalderen, teikna av Ivar Refsdal. Hålogaland er eit historisk landskap i Noreg. Fram til mellomalderen var Hålogaland namnet på eit landskap nord for Namdalen og vest for Finnmark. I tida før innføringa av kristendomen i Noreg, var Hålogaland eit sjølvstendig småkongedømme i dei noverande fylka Nordland og Troms, nord for Namdalen i Nord-Trøndelag og sør for Lyngen i Troms.
Namnet er også brukt i moderne tid, til institusjonar som Hålogaland Teater, bispedøma Nord-Hålogaland og Sør-Hålogaland, Midtre Hålogaland politidistrikt og Hålogaland lagmannsrett, som omfattar Nordland, Troms og Finnmark i tillegg til Svalbard og Jan Mayen. Ei endra utgåve av Hålogaland-namnet lever også vidare som regionsnamn for sørdelen av Nordland fylke, Helgeland.
Geografisk utstrekning Før Olav Trygvasson overfall Vågar i 999 skal Hålogaland ha strekt seg meir eller mindre frå Namdalen i sør til Kvitsjøen (norrønt Gandvik) i nord. Mot aust omfatta dei store delane av noverande svensk Lappland, Nord-Finland og Nordvest-Russland. Men mykje tyder på at Finnmǫrk, dei store områda i innlandet og nord for Malangen var norsk skattland, og ikkje ein likestilt del av Hålogaland.
Seinare skal Hålogalands sørgrense ha gått ved Kunna i Meløy. Nordgrensa mot Finnmark (norrønt Finnmǫrk) flytte seg stadig lenger nordover etter som tida gjekk. Etter slaget på Stiklestad i[1030 gjekk grensa mot nord og aust ved Trondenes. På 1100-talet var det fire hovudfylke i Hålogaland: Helgeland, Salten, Lofoten/Vesterålen og Trondenes. Rundt 1250 gjekk nordgrensa ved Tromsø, og seinare i Håkon Håkonssons regjeringstid (1217-1263) blei ho flytt til Kvænangen. I 1307 var Vardø blitt grenseposten.
I nyare tid er bispedøma i nord delt inn i Sør-Hålogaland, som omfattar Nordland fylke, og Nord-Hålogaland som omfattar Troms og Finnmark fylke. I tillegg nyttar området mellom Harstad og Narvik dette namnet for å beskrive sin region. Lagmannsretten i Nord-Noreg heiter Hålogaland lagmannsrett.
Historie Norrøn tid Hålogaland har ein framståande plass i sogene. Nord-Noreg blei tidleg folkesett. Nokre av dei eldste spora av menneske i Noreg er funne i Finnmark og dei eldste spora av hustufter i Noreg er funne på Træna i Nordland.
Hålogaland er skildra før Noreg av historieskrivarane. Området var kjent av dei gamle grekarane gjennom handelssamkvem så tidleg som 800–900 f.Kr. Diktaren Homer skriv om landet med så lang ein dag, at den gjetaren som jaga feet inn om kvelden kunne rope til gjetaren som jaga feet ut om morgonen. Historieskrivaren Herodot (484–ca. 425 f.kr) skriv at han har høyrt om eit folk som søv i seks månader av året (den lange vinternatta). Astronomen og geografen Pytheas gjorde i 330 f.Kr., på tida til Aleksander den store, ei reise frå Marseille til Nord-Europa. Han enda på øya Thule, der sola ikkje gjekk ned midtsommars, og himmel og hav blei blanda saman til ei «sørpe».
Romerske historieskrivarar nemnar landet i år 100, mellom anna omtaler dei «Dumna», som kan vere øya Dønna på Helgeland.
Rundt år 550 blir håløygane nemnt av Jordanes i gotesoga hans. Han fortel om ei stamme som blir kalla Adogit, som bur i den nordlege delen av Skandinavia. Mange meiner han viser til folket på Andøya. Den greske historieskrivaren Prokop skriv i år 550 om liv og skikkar til nordbuane. Han skriv at sola ikkje går ned i 40 dagar om sommaren, og at ho forsvinn heilt i 40 dagar om vinteren. Når det nærmar seg tida for at sola skal kome tilbake, samlar folka seg og festar, dette er ein av dei største festane i Thule.
Nordleg maktsenter
På Borg på Vestvågøya i Lofoten, har arkeologar avdekt den største vikingbygningen som nokon gong er funne - eit høvdingsete som blei skipa allereie rundt år 500 e. Kr.. Her er det gjort funn av gjenstandar som knyter Lofoten til Middelhavet, Frankrike, England og Tyskland. Det vitner om eit maktsentrum. Sjølve høvdinggarden er det største vikingbygget som nokon gong er avdekt - heile 83 meter lang og 9 meter høgt. «Lofoten og Nord-Noreg var ein integrert del av den felles europeiske kulturen i vikingtida,» slo Forskning.no fast. Høvdingsetet på Borg blei forlate rundt år 950, og den siste høvdingen var truleg Olaf Tvennumbruni, som etablerte seg på nytt på Island.
I tillegg til Borg, nemner Snorre Sturlasson høvdingseta Tjøtta, Bjarkøy, Borg, Salten, Steigen, Vågan, Andenes og Trondarnes. Sannsynlegvis slutta innbyggjarane frå Helgeland til Malangen seg saman som eit håløygfolk allereie før år 500.
Fyrst då jarnet og jordbruket ekspanderte synest Hålogaland å bli for lite og det vart ei tid med utvandring. Somme drog sørover til det jordbruksrike Trøndelag, mens andre utvandra til Island, som høvdingen på Borg. Somme meiner at utvandringa til Island kom av ladejarlane si harde styring av Hålogaland etter at Håkon Grjotgardsson døydde.
Samtidig som Harald Hårfagre samla Noreg i sør, hadde høvdingen Håkon Grjotgardsson (død ca. 917) frå Andøya makta i nord, frå Nord-Møre til Troms. Vi veit ikkje sikkert om Harald og Håkon har samarbeidd om å erobre Trøndelag, eller om Håkon har blitt Haralds jarl. Men Håkon busette seg ved utløpet av Nidelva og tok tittelen «Ladejarl». Forbundet mellom kongen og jarlen blei ytterlegare forsterka då Harald gifte seg med Håkons dotter Åsa. I over 200 år skulle jarleætta stå kongsmakta nærmast.
Sonen til Harald Hårfagre, Eirik Blodøks (ca. 895–954), fekk blant anna Hålogaland i len frå faren sin, men kongemakta hans varte berre i to år før han måtte rømme landet for bror sin Håkon den gode. I Håkons regjeringstid hadde sonen til Håkon Grjotgardsson, Sigurd Håkonsson Ladejarl, ein viktig posisjon som kongens ven og rådgjevar.
Handel og skatt
Det er havet som har danna grunnlag for Hålogalands økonomiske posisjon opp igjennom hundreåra. Torskefiske, sildefiske, selfangst, kvalfangst, sjøfuglfangst og sanking av egg og dun gjorde håløygane til eit rikt og mektig folk. Handel med skinn og kvalrosstenner var også ei viktig inntektskjelde. Det fanst mange marknadsplassar i Hålogaland; dei mest kjende er Torgar på Helgeland, Sandtorg i Tjeldsund, Vågan i Lofoten, Bjarkøy og Hillesøy i Troms. Håløyganes handelsvegar gjekk ikkje berre sjøvegen langs kysten, dei hadde også ferdselsvegar over kjølen til Bottenviken, til Austersjøen og Aust-Europa.
Høvdingen Ottar fortalde på slutten av 800-talet om den godt etablerte finneskatten, som var viktig i økonomien til hålogalandshøvdingane. Skatten var detaljert regulert, noko som tyder på at dei einskilde høvdingane måtte ha hatt ein avtale, sjølv om dei var sjølvstendige stormenn. Grensa mellom Ottars rike og Bjarkøyriket har sannsynlegvis gått ved Malangen. Denne grensa har truleg også vore sett ved politiske vedtak.
Jarleætta i Hålogaland oppstod under folkevandringstida, med Andøya som hovudsete. Mange av dei flytte seinare til Lade i Trøndelag. Det er mogeleg jarleætta har hatt hand om finnskatten på denne tida. I starten samarbeidde dei med Hårfagreætta, men etter kvart oppstod det rivalisering, og jarlane slo seg saman med danskekongen. Dei tapte mot den norske kongemakta, noko som førte til at Olav den heilage kunne få monopol på finneskatten og handelen med Nord-Noreg og Kvitsjøen.
Kor viktig denne handelen og finnskatten er, fortel Ottar om på 800-talet, og vi kan også forstå det ut av kongenes behov for å gjeste Nord-Noreg og Kvitsjøen. Eirik Blodøks, Harald Gråfell og Harald Hardråde la alle ut på slike reiser. Olav den heilage finansierte også ei slik reise med Tore Hund frå Bjarkøy som leiar.
Etter slaget på Stiklestad tapte mange av høvdingane og jarlane gods til kongen. Bjarkøyætta kom likevel godt ut av det, sjølv etter at Tore Hund hadde vore med på å ta livet av kong Olav på Stiklestad.
Det kom ei ny leidangsordning etter rikssamlinga, som sannsynlegvis gjekk så langt nord som til Finnmark. På 1100-talet kan ein seie at Hålogaland hadde slutta å eksistere som fristat. Nord-Noreg blei ein landsdel i kongeriket Noreg.
Legendenes land I år 985 lista Øyvind Skaldespiller opp forfedrane til Håkon Ladejarl i 27 ledd i Háleygjatal ('Opptelling av håløygane'). Her møtest skaldens notid fortidas legender og han fører ætta heilt tilbake til Sæming, den sonen Odin fekk med Skade, skigudinna.
Også i den fyrste soga til Snorre Sturluson, Ynglingesoga, opptrer legendariske småkongar frå nord. Soga fortel om to kongssøner frå Svitjod som herja i Danmark, «då møtte Gudlaug håløygkonge og kom i strid med han,» skriv Snorre, «og det enda med at Gudlaugs skip blei rydja og han sjølv fanga; dei sette han i land på Straumøynes (ukjend stad), og der hengde dei han...»
Seinare er den eine av brørne, Jørund, igjen i Danmark med hæren på herjingstokt. Ved Limfjorden møter han Gylaug håløygkonge som kom med ein stor hær. Dette var son av den Gudlaug som blei hengd. Han la straks til kamp med Jørund som måtte gi seg for overmakta, og skipet til Jørund blei rydda. «Han sprang på sjøen, men blei fanga og ført opp på land,» skriv Snorre. «Kong Gylaug lét så reise ein galge, leide Jørund bort til den og lét han henge.»
Ein tredje håløyg er også nemnd, men i staden for å vere enda ei auge-for-auge-forteljing, er det heller ei segn med vittige trekk: Ein hesteglad Kong Adils frå Svitjod sende ein hest ved namn Ravn (Hrafn) til kong Godgjest på Hålogaland. «Godgjest reid den, men han kunne ikkje få den til å stanse; så fall han av hesten og døde, det var i Omd (dvs. Andøya) på Hålogaland,» skriv Snorre.
Ottar frå Hålogaland mini|250 px|Kart over Ottar sine reiser, først nord til Nordishavet, deretter sør til London. Sjøfararen og handelsmannen Ottar er kanskje den meste kjende historiske representanten frå Hålogaland. Han siglde frå Hålogaland til England rundt år 890, der den engelske kongen Alfred den store fekk skrive ned skildringa hans av Hålogaland og av ei ferd langs kysten til Kvitsjøen. Skildringa blei føydd inn i kong Alfreds omsetjing av verdshistoria til Orosius.
Det er usikkert kvar i Nord-Noreg Ottar budde. Sjølv seier han at «eg bur lengst nord av alle nordmenn, på nordsida av landet ved Vesterhavet, men landet strekkjer seg enda lengre mot nord. Det er alt saman øydeland. Berre nokre få stader er betre, der finnane (samane) held til, jagar om vinteren og fiskar i sjøen om sommaren.»
Ein har spekulert på Ottars bustad kan ha vore i noverande Lyngen kommune eller ein stad i Malangsgapet. Hans Eidnes i «Hålogalands historie» (1943) meiner at Ottar budde ute ved Malangen, på sørvestsida av Kvaløya i Hillesøy (i dag Tromsø kommune). Også andre stader har vore nemnt.
Øyvind Skaldespiller Øyvind Finnsson Skaldespiller var den siste store skalden i Noreg. Han budde på Tjøtta (øy sør for Sandnessjøen). Han var son av Finn Skjálgi og Gunnhild, dotterdotter av Harald Hårfagre. Faren Finn var son av Øyvind Lambe og Sigrid frå Sandnes (også gift med Torolv Kveldulvsson).
Øyvind Skaldespiller var med i slaget på Stord (ca. 960) der kong Håkon den gode fall. Kvadet «Håkonarmål» stammar herifrå. Øyvind nyttar eit lån frå Håvamål i siste vers, som kanskje gav han tilnamnet «Skaldespiller»:
Fe døyr, frendar døyr landet blir lagt aud sidan Håkon for til heidenske gudar er mang ein mann blitt kua
Øyvind Skaldespille har også gitt levande glimt frå kvardagsliv på Hålogaland i uårstida (ca. 970), då det var svolt og mangel på korn, og då ein måtte fôre buskapen med bjørkeblad, slik finnane gjer (dette er forresten ein av dei fyrste skriftlege referansane til samar).
Kvit er jorda av snøfok som finnar vi inne nærer buskap, i fjøsen bunden, med bjørkebrum midt i ein sommar
I 986 var Øyvind med i slaget i Hjørungavåg mot jomsvikingane som lendmann under Håkon jarl. Herifrå dikta han «Háløygjatal». Han døydde som gammal mann i 990.
Tapte soger om Hålogaland?