«Raining in My Heart» er ein song spelt inn av Buddy Holly i lag med orkesteret til Dick Jacobs. Musikken og teksten er skriven av Felice Bryant og Boudleaux Bryant. Han vart gjeven ut på singel på Coral Records i 1959 og nådde 88. plassen på Billboard-lista som B-sida til «It Doesn't Matter Anymore». Innspelinga vart òg gjeven ut på den første samleplata til Buddy Holly, The Buddy Holly Story som kom i mars 1959.

Andre versjonar I 1967 gav Skeeter Davis ut hyllestalbumet Skeeter Davis Sings Buddy Holly med denne songen. Nesten tre tiår seinare, i 1996, gav Connie Francis ut eit liknande album, With Love To Buddy, som òg hadde med denne songen.

Songen vart ein liten hit i 1978 for Leo Sayer då songen nådde 47. plassen på Billboard Hot 100. Andre som spelte in songen er mellom andre Status Quo på albumet deira Don't Stop i 1996 og Don McLean på albumet Starry Starry Night i 2001.

I 1968 siterte The Beatles den første linja av «Raining in My Heart» i songen «Dear Prudence» som «The sun is up [i staden for «out»]; the sky is blue».

Dave Clark Five spelte songen i 1970 på albumet The Dave Clark Five Play Good Old Rock & Roll.

Anne Murray spelte inn ein versjon av songen på albumet New Kind of Feeling.

Rick Danko spelte songen i 1989 som medlem av Ringo Starr & His All-Starr Band. Han fortsette å spele songen på konsertane sine etter dette.

Songen vert omtalt i Alvin Stardust-songen «I Feel Like Buddy Holly». Refrenget i songen er «Well, I feel like Buddy Holly, 'cause it's raining In my heart».

I 1996 spelte Hank Marvin ein instrumental av songen på Hank Plays Holly.

Det australske blues- og rootsbandet The Revelators spelte inn songen i 2000 på albumet The Adventures of The Amazing Revelators.

Robert Wyatt selte ein pianobasert instrumentalversjon av songen i 2003 på albumet Cuckooland.

Eric Idle bidrog med ein Spike Jones-aktig versjon av «Raining In My Heart» for hyllestalbumet, Listen to Me: Buddy Holly frå 2011.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Buddy Holly-songar Kategori:Songar skrivne av Felice og Boudleaux Bryant Kategori:Coral Records-singlar Kategori:Robert Wyatt-songar Kategori:Hank Marvin-songar Kategori:Alvin Stardust-songar Kategori:Anne Murray-songar Kategori:Dave Clark Five-songar Kategori:Don McLean-songar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Leo Sayer-songar Kategori:Skeeter Davis-songar Kategori:Connie Francis-songar