James Albert Varney, Jr. () var ein amerikansk komikar og skodespelar kjend som Jim Varney. Han vart fødd i Lexington i Kentucky.

Varney er best kjend for rolla si som Ernest P. Worrell, som opptredde i ei rekkje reklamefilmar og seinare i tv-serien Hey Vern, It's Ernest! og fleire filmar. Han spelte Jed Clampett i ei filmatisering av The Beverly Hillbillies (1993), og song også ein song til filmen, «Hot Rod Lincoln». Han gav stemme tilSlinky Dog i dei fyrste to filmane av Toy Story (1995–1999). Han døydde ab lungekreft i februar 2000. To filmar han spelte i kom ut etter at han døydde, Daddy and Them og Atlantis: The Lost Empire.

Kjelder

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Kentucky Kategori:USA-amerikanske komikarar Kategori:Hollywood Walk of Fame