«Maybe» er ein song med tekst og musikk opphavleg tillagt End Records-eigaren George Goldner og «Casey». Opphavsretten vart seinare overført til Richard Barrett. Ein trur at Arlene Smith, førstevokalist i The Chantels, var med på å skrive songen. Han vart først spelt inn av The Chantels den 16. oktober 1957 i doo-wop-stil med Barrett på piano. Singelen kom ut i desember 1957 og klatra inn på singellistene i januar 1958. Songen nådde 15. plassen poplista og andreplassen på R&B-lista. Han er sidan blitt skildra som «utan tvil det første verkelege glimtet av jentegruppestilen».[ AllMusic] Rolling Stone rangert songen på 199. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene..

Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar, som Janis Joplin, The Three Degrees (som i 1970 tok songen inn på Topp 30 i USA) og The Shangri-Las. John Frusciante frå Red Hot Chili Peppers har framført songen på konsertar, som ein kan sjå på DVD-en Live At Slane Castle.

Songen vart nytta i videospelet Mafia II, trass i at handlinga finn stad i 1951 og songen ikkje vart innspelt før i 1957.

Billboard kåra songen til den 60. beste songen på lista si over dei 100 beste songane gjennom tidene av ei jentegruppe.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maybe (The Chantels song)» frå , den 21. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Chantels – History of Rock

Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Roulette Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Richie Barrett Kategori:Songar skrivne av George Goldner Kategori:Janis Joplin-songar Kategori:The Shangri-Las-songar 199