mini|243 Ida (til venstre) og Dactyl (til høgre), fotografert av Galileo.
Dactyl (småplanetnemning (243) Ida I) er ein liten asteroidemåne (diameter 1,4 km) som går rundt asteroiden 243 Ida. Dactyl vart oppdaga på eit bilete teke av Galileo-sonden den 28. august 1993; det var medlem av Galileo-teamet Ann Harch som fann månen 17. februar 1994. Månen fekk namnet sitt etter daktylane, som etter gresk mytologi levde på fjellet Ida.
Dactyl har omløpstid på 1,54 dagar og ein gjennomsnittsavstand til Ida på 108 km, med ein inklinasjon på 9° til Idas ekvator. Ikkje så mykje er kjent om banen, i og med at Galileo tilfeldigvis var svært nær då bileta vart tekne.
Opphavet til Dactyl er uklårt. Den eine hovudhypotesen er at Dactyl og Ida vart danna samtidig, og den andre er at det først berre var éin asteroide, og at dei vart skilde frå kvarandre seinare av ein kollisjon. Begge hypotesane er problematiske.
Dactyl var den første asteroidemånen som vart oppdaga, og med den oppdaginga stoppa den til då langvarige diskusjonen om asteroidar kunne ha månar eller ikkje.
Kjelder «243 Ida#Moon» på Engelsk wikipedia
Bakgrunnsstoff 243 Ida and Dactyl frå The Nine Planets Asteroid Ida and Dactyl from Views of the Solar System
Kategori:Asteroidar vitja av romsondar