«Walk, Don't Run» er ein instrumental skriven og opphavleg spelt inn av jazzgitaristen Johnny Smith i 1954. Han vart seinare omgjort og spelt inn på ny av Chet Atkins i 1956, og var eit spor på albumet Hi-Fi In Focus. Dette arrangementet var inspirasjonen for versjonen av The Ventures i 1960, som vart ein stor hit verda over og som av musikkmagasinet Rolling Stone vert rekna som ein av dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.

The Ventures

Etter å ha høyrt ei Chet Atkins-innspeling av «Walk Don't Run», gav The Ventures ut sin versjon av songen på singel våren 1960 på Dolton Records. Denne versjonen nådde andreplassen på Billboard Hot 100-lista og tredjeplassen på Cash Box-lista i fem veker i august og september 1960. Dalton-utgåva hadde to B-sider. Den første utgåva hadde songen «Home» på B-sida, medan ei seiare utgåva hadde B-sida «The McCoy».

Denne singelen var den første nasjonale utgjevinga deira og sparka karrieren til The Ventures i gang. Songen vart spelt inn før bandet hadde fått fast trommeslagar. Trommisen på innspelinga var Skip Moore, som fekk valet mellom å få 25 dollar for innspelinga der og då, eller 25 % av inntektene bandet kom til å tene på songen seinare. Han valde å ta pengane der og då. Bob Bogle spelte sologitar på innspelinga. Bandet spelte i 1964 inn songen på ny, og vart det første bandet som fekk to hittar på Topp 10 i USA med to forskjellige versjonar av den same songen.

I Storbritannia vart melodien spelt av John Barry Seven, som nådde 11. plassen på Record Retailer-lista, og gjorde det betre enn The Ventures-versjonen.

I juli 2003 vart melodien spelt inn av Ventures-gitaristen Nokie Edwards og Light Crust Doughboys for albumet Guitars Over Texas. Denne versjonen kjend for det jazz-aktige verset og bruken av klaverinstrument i staden for rytmegitar.

Magasinet Rolling Stone rangerte The Ventures-versjonen av songen som den 82. beste gitarsongen gjennom tidene.

«Walk, Don't Run '64» var ei nyinnspeling av The Ventures med ein gitarstil som minna meir om «Misirlou», og som byrjar med å bli tona inn. Han nådde åttande plassen på Billboard Hot 100-lista og niandeplassen på magasinet Cash Box si liste i 1964. B-sida denne gongen var «The Cruel Sea», var ein versjon av The Dakotas-singelen i 1963. På begge innspelingane spelte Nokie Edward sologitar. Denne innspelinga vart nytta i ein dansescene i den australske filmen The Goddess of 1967 av Clara Law i 2000.

Utvalde innspelingar 1954: Johnny Smith 1957: Chet Atkins 1960: The Ventures 1960: The John Barry Seven (med Vic Flick på gitar) 1964: Tommy Leonetti (med ny tekst av Dottie Faye) 1965: Glen Campbell 1965: Herb Alpert and the Tijuana Brass 1967: Johnny Smith 1972: Pink Fairies 1973: Sha Na Na 1974: Mike Auldridge 1977: The Shadows 1981: The Penguin Cafe Orchestra 1992: Those Darn Accordions, framført heilt på trekkspel 1993: California Guitar Trio 1998: Steve Howe 1999: Johnny A. 2003: Nokie Edwards and the Light Crust Doughboys 2003: JFA (Jodie Foster's Army) 2004: Terrafolk (som ein medley med «Music for a Found Harmonium»)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Walk, Don't Run» frå , den 26. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Walk, Don't Run - dokumentar laga av Full Focus

Kategori:Songar frå 1954 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:The Ventures-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:Instrumentalar Kategori:Surfemusikk Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Rockeinstrumentalar Kategori:Surfeinstrumentalar Kategori:Chet Atkins-songar Kategori:Billy Vaughn-songar Kategori:Count Basie-songar Kategori:The Surfaris-songar Kategori:Billy Strange-songar Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:Pink Fairies-songar Kategori:Sha Na Na-songar Kategori:The Shadows-songar