The Ventures Knock Me Out! er det 17. studioalbumet til den amerikanske instrumentale rockegruppa The Ventures. Det vart utgjeve 13. februar 1965 på Dolton Records. Albumet nådde 31. plassen på Billboard Top 200-lista.
Dette var eit nokså trendy album med coverversjonar av hittar kring 1964 og 1965, i tillegg til fire originale spor. Blant coverversjonane finn ein The Zombies sin «She's Not There», The Everly Brothers sin «Gone, Gone, Gone» og The Beatles sin «I Feel Fine».
Innhald
Medverkande
Nokie Edwards - sologitar Mel Taylor - trommer Don Wilson - rytmegitar Bob Bogle - bass
Kjelder Discogs
Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Dolton Records-album Kategori:The Ventures-album Kategori:Instrumentalalbum