Underground Fire er det 29. studioalbumet til den amerikanske instrumentale rockegruppa The Ventures. Det vart utgjeve i 18. januar 1969 på Liberty Records. Albumet nådde 157. plassen på Billboard Top 200-lista.
Albumet er bygd opp kring originale songar på A-sida og coverversjonar av samtidige songar på B-sida, som «Born to Be Wild» av Steppenwolf, «Sunshine of Your Love» av Cream, «The Weight» av The Band, «Light My Fire» av The Doors, «Down on Me» av Janis Joplin og «Fire» av Crazy World of Arthur Brown.
Trass i den noko smålåtne lengda på 34 minuttar var dette det lengste studioalbumet The Ventures hadde gjeve ut til då. Dei hadde stort sett helde seg til instrumentalar som var kortare enn tre minuttar, og berre sjeldan over dette. Versjonen deira av «Light My Fire» på nesten fem minuttar var den klart lengste songen dei hadde spelt inn til då.
Dette var òg albumet og året der Jerry McGee kom med i gruppa og for ein periode erstatta Nokie Edwards.
Innhald
Medverkande
Jerry McGee - sologitar Mel Taylor - trommer Don Wilson - rytmegitar Bob Bogle - bass
Kjelder Allmusic Discogs
Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Liberty Records-album Kategori:The Ventures-album Kategori:Instrumentalalbum