upright|mini|Kasjmirske born fotografert med tjudidar rundt 1890. Tjudídar eller tsjurídar (hindi चूड़ीदार [cūḍīdār]) er bukser frå nordlege Sør-Asia som er lause i livet men har lange, smalnande føter. Dei kan brukast som både manns- og kvinneklede i India og Pakistan. Tjudidar er historisk eit muslimsk klesplagg, men er også blitt utbreidd som moteplagg blant andre grupper.

Namnet tjudidar tyder 'med ei rekkje rynker' på hindi, og viser til rynkinga av stoffet nedst på føtene.

I dag bruker ein som regel tjuridar saman med ei laus skjorte (kurta eller kamiz). På 1800-talet kunne nordindiske kvinner bera buksene med tynne skjørt over og blusar. Kvinnelege utøvarar av den tradisjonelle dansen kathak bruker framleis ein liknande stil, medan mannlege dansarar kan bruke tjudidar med skjorte eller jakke (achkan) til.

Tjudidar skil seg frå vidare sørasiatiske bukser som gjerne blir kalla padjama, og vide bukser som smalnar nedst, salvar — sjå salvar kamíz.

Kjelder

Kategori:Indiske klede Kategori:Pakistanske klede Kategori:Formelle klede Kategori:Ord frå hindi